Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Helse og livsstilChevronRight
  5. Slanking og treningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Slanking og trening

I media og reklame verkar det som om idealkroppen skal vere tynn og slank. Mange unge trur dei er overvektige utan at dei er det. I løpet av tenåra går ein opp fleire kilo fordi musklar og feittlager aukar. Barn og unge er i vekst og skal derfor ikkje slanke seg.

Ert og gaffel på en tallerken

Slanking

Slanking kan vere farleg. Dersom du skal slanke deg berre ved å ete mindre, kvittar du deg stort sett berre med vatn og muskelvev dei første vekene. Når du så skal slutte med kuren, kjem «kiloa» fort tilbake att.
Kroppen har innstilt seg på å bruke mindre energi, og musklane som er slanka bort, blir avløyste av feitt.
Trass i at du berre får tilbake den opphavlege vekta di, verkar du tjukkare. Eitt kilogram feitt tek meir plass enn eitt kilogram muskelvev – og feittet legg seg der du helst ikkje vil ha det!

Slanking kan føre til at du får i deg for lite av dei næringsstoffa kroppen treng. Det resulterer i at du blir slapp, trøytt og i dårleg form.

Det er lett å miste kontrollen. Somme kan ete mykje på kort tid, for så å kaste det opp att rett etterpå. Då er faren stor for at dei har fått sjukdommen bulimi. Andre kan få ein uforklarleg redsel for å bli overvektige. Dei et svært lite og går sterkt ned i vekt. Dei utviklar etter kvart sjukdommen anoreksi.

Dersom du er redd for at omgangen din med mat skal utvikle seg til ein av desse sjukdommane, bør du søkje hjelp. Det er ikkje flautt å gå til lege endå om du ligg langt unna faregrensene!

Men rådet må vere: Begynn aldri med slanking utan at du først har spurt lege eller helsesyster.

BMI

Kva reknar vi som overvekt?
Det er fleire måtar å måle grad av overvekt på, og du har sikkert høyrt om BMI (Body Mass Index). BMI er ein formel som blir nytta til å måle om ein er normalvektig eller står i fare for å bli under- eller overvektig.

Døme:

Vi reknar ut BMI hos ei kvinne som er 1,70 meter høg og veg 85 kg.

1,70 x 1,70 = 2,89

BMI = 85 / 2,89 = 29,42

Tala skal setjast inn i formelen: vekt / høgd x høgd

Ein BMI på over 25 tyder på overvekt. Ligg han på over 30, gir dette auka risiko for hjarte- og karsjukdom og diabetes. Det er viktig å vere klar over at BMI er ein mangelfull metode brukt på individnivå. Denne metoden eignar seg best for å sjå på vektutviklinga hos grupper av befolkninga fordi han ikkje tek omsyn til alder, kjønn eller kroppssamansetjing. Styresmaktene bruker metoden for å følgje vektutviklinga i befolkninga i samband med helseundersøkingar. Men BMI er altså mangelfull når han blir bruka på individnivå.

Trening

Jogging og sykling. Foto.
Jogging og sykling er god trening

Ein aktiv livsstil med trening to til tre gonger i veka kan førebyggje sjukdommar. Trening kan til og med lækje nokre sjukdommar. Når ein trenar, blir ikkje berre kondisjonen betre; du skjerpar deg mentalt og klarer å utrette meir på jobben og på skolen. Dessutan er sportslege aktivitetar ofte knytte til eit rikt sosialt liv.

Når energilagra i kroppen er fulle, blir energien som er til overs, forma om til feitt. Feittet forbrenn når kroppen er i fysisk aktivitet. Derfor er trening viktig for å halde kroppen i form.

Kroppen bør ha den vekta og den fasongen som høver til dei medfødde eigenskapane. Trivselsvekta finn du best når du har eit fornuftig kosthald og mosjonerer variert.

Læringsressursar

Helse og livsstil

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Øvingsoppgåver - Helse og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Interaktive oppgåver om "Helse og livsstil"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Gruppeoppgåver - Helse og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff