Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Helse og livsstilChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Næringsstoff og helse

Livsstilen din er det du typisk vel å gjere i løpet av dagen: Det kan til dømes vere kva du et og drikk, og kor aktiv du er. Døgnrytmen din, om du får tilstrekkeleg søvn, og korleis du taklar stress, er òg ein del av livsstilen din.

Livsstil og kosthald

Livsstilssjukdommar er ei samlenemning på sjukdommar eller lidingar eit menneske kan få som resultat av eigen, sjølvvald livsstil. Livsstilssjukdommar blir ofte omtalte som ei stor helseutfordring i den tida vi lever i. Til vanleg er det kosthaldavhengige lidingar som overvekt, diabetes type 2 og hjarte- og karsjukdommar som blir knytte opp til livsstilssjukdommane.

Å ha eit sunt kosthald og ein livsstil som er aktiv nok til å gi helsegevinst, er ikkje så vanskeleg som mange trur. Du treng verken følgje strenge diettar eller harde treningsprogram. Det viktigaste er kva du gjer til kvardags.

Generelt gjeld at sunn mat skal innehalde protein, feitt, karbohydrat, vitamin og mineral. Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet meiner at minst 55–60 prosent av energien bør komme frå karbohydrat, høgst 30 prosent frå feitt og 10–15 prosent frå protein.

Næringspyramiden. Illustrasjon.
Næringspyramiden

Næringspyramiden syner korleis vi får eit sunt og variert kosthald.
Vi kan ete mykje av det som er på botnen, og mindre og mindre av maten mot toppen. Eit slikt kosthald skal sikre at kroppen får alle dei næringsstoffa, vitamina og minerala han treng. Samstundes skal balansen i kosthaldet føre til at vi held ei sunn kroppsvekt.

Nøkkelpunkt for eit godt og sunt kosthald:

  • Doble inntaket av grønsaker, frukt og bær.
  • Vel kokte eller bakte poteter framfor chips og pommes frites.
  • Et grove korn- og brødvarer.
  • Et meir fisk – både som pålegg og til middag.
  • Vel magre kjøtt- og meieriprodukt.
  • Vel mjuk margarin eller olje.
  • Kutt ned på inntaket av sukker, særleg i form av brus og godteri.
  • Vær varsam med salt.
  • Drikk vatn når du er tørst.

Læringsressursar

Helse og livsstil

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Øvingsoppgåver - Helse og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Interaktive oppgåver om "Helse og livsstil"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Gruppeoppgåver - Helse og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff