Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Helse og livsstilChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Super Size Me

Kva skjer med kroppen dersom ein berre et hurtigmat i ein heil månad? Det ønskjer dokumentarist Morgan Spurlock å finne ut av, og bruker sin eigen kropp som prøvekanin.

Filmdetaljar

År: 2004

Varigheit: 1 time og 39 minutt

Sjanger: Dokumentar

Regi og manus: Morgan Spurlock

Foto: Scott Ambrozy

Musikk: Steve Horrowitz, Michael Parrish

Medverkande: Morgan Spurlock, Dr. Daryl Isaacs

Opphav: USA

Om filmen

Prøvekaninen Morgan Spurlock er ein sunn og veltrent mann i tredveåra. I 30 dagar skal han berre ete alle måltida sine frå McDonald’s, til saman tre om dagen. Dersom dei tilsette spør om han vil ha “Super Size”, eller ein ekstra stor meny når han bestiller, får han ikkje lov til å takke nei.

Heile vegen blir han følgd opp av legar og kosthaldsekspertar som veg og måler resultata hans gjennom hurtigmat-eksperimentet. I tillegg skal han bevege seg som ein gjennomsnitts-amerikanar, og ifølgje dokumentaren beveger ho seg rundt 2500 skritt per dag.

Ikkje overraskande går det opp med vekta og nedover med forma. Men at forma viser seg å bli så dårleg at legane ber han avbryte eksperimentet etter kort tid, er tankevekkjande.

Moderne matvanar

Spurlock gjennomfører prosjektet med både humor og innleving. Mens latteren sit laust hos oss som ser dokumentaren, så blir magemålet til verdas befolkning enno lausare. Det er ikkje noko å le av, dessverre.

Ifølgje ein studie som blei presentert for den europeiske kongressen for ekstrem overvekt (ECO) i 2018, vil nesten ein firedel av verdas befolkning (22 prosent) vere ekstremt overvektig innan 2045. Dette er nesten ei dobling samanlikna med tal frå 2017 (14 prosent).

Dette vil føre til enorme medisinske utfordringar, men også enorme kostnader for helsevesenet i verda framover.

Les om studien på forskning.no.

Læringsressursar

Helse og livsstil

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Øvingsoppgåver - Helse og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Interaktive oppgåver om "Helse og livsstil"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Gruppeoppgåver - Helse og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff