Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Helse og livsstilChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Helse og livsstil

God helse er ikkje berre fråver av sjukdom. Er det ikkje viktig å ha det bra med seg sjøllv mentalt også? Å vere trygg på seg sjølv, og ha eit godt forhold til eigen kropp, er vel også med på å gi god helse?

Med kunnskap om næringsstoff og korleis disse blir omsette i kroppen, kan du lettare vurdere all den informasjonen du får om kosthald. Myndigheitene sine kosthaldsråd gir tilråding om kva for matvaregrupper du bør spise mest av, og at ein bør ha minst 30 minutt fysisk aktivitet kvar dag.

Mange unge opplever kroppspress fordi dei føler at dei må leve opp til urealistiske ideal for korleis ein skal sjå ut. Utover følelsen av å ikkje ha det bra med seg sjølv, så kan dette føre til eteforstyrringar. Det som er klart, er at med ein sunn livsstil kan vi redusere risikoen for å få livsstilsjukdommar.

Læringsressursar

Helse og livsstil

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?