1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Fordøyinga – næringsstoffa vert brotne nedChevronRight
  5. Samandrag – FordøyingaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Fordøyinga

Modell av fordøyelseskanalen med kreftsvulst i magen. Illustrasjon.
  • For at cellene i kroppen skal kunne nyttiggjere seg næringsstoffa i maten, må maten først fordøyast. Næringsstoffa blir så absorberte i tarmen og går over i blodbanen eller lymfa. Blodet fraktar så næringsstoffa etter behov til alle cellene i kroppen.
  • Fordøyingskanalen omfattar i grove trekk munnhola, svelget og matrøret, magesekken, tolvfingertarmen, tynntarmen, tjukktarmen og endetarmen.
  • Karbohydrat: Enzyma i spyttet og bukspyttet spaltar stivelse og glykogen til disakkarid. Deretter tek enzyma i tarmen over og spaltar disakkarida til monosakkarid. Monosakkarida blir tekne opp av tarmcellene.
  • Protein: Alle proteinspaltande enzym blir aktiverte i tarmen, og dei bryt ned peptidbindingar og aminosyrekjeder ytterlegare. Frie aminosyrer og små peptid med to–tre aminosyrer blir tekne opp av tarmcellene.
  • Feitt: Feittspaltande enzym i bukspyttet bryt ned triglyserida til feittsyrer og glyserol. Feittsyrer og glyserol blir tekne opp av tarmcellene.

Læringsressursar

Fordøyinga – næringsstoffa vert brotne ned