1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Fordøyinga – næringsstoffa vert brotne nedChevronRight
  5. Tjukktarmen og endetarmenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tjukktarmen og endetarmen

Den siste delen av fordøyingskanalen er tjukktarmen. Her vert mineral og vatn teke opp. Til slutt vert avføringa pressa ut gjennom endetarmen.

Modell av tykktarm hos menneske. Illustrasjon.

Tjukktarmen absorberer vatn og mineral

Nesten alt vatnet (om lag 99 prosent) som kjem over i tjukktarmen, blir absorbert. Tarminnhaldet får dermed ein fastare konsistens. Mineral som kroppen treng (mellom anna natrium-, klor- og kaiumionar), blir tekne opp og brukte på ny.
Tarmfloraen (mellom anna kolibakteriar) i tjukktarmen kan lage vitamin K.

Tjukktarmen sin funksjon. Illustrasjon.
Tjukktarmen.

Avføringa som går ned i endetarmen, består av væske, ufordøyelege stoff i maten (kostfibrar), utstøytte tarmceller, bakteriar og gallefargestoff.
Det er gallefargestoffa som gir den brune fargen.
Her blir avføringa lagra ei stund slik at meir vatn blir soge opp.

Læringsressursar

Fordøyinga – næringsstoffa vert brotne ned