1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Fordøyinga – næringsstoffa vert brotne nedChevronRight
  5. TynntarmenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tynntarmen

I tynntarmen blir næringsstoffa spalta til små molekyl. Dei blir tekne opp av tarmcellene og kjem over i blodet. Deretter blir dei frakta med blodet til cellene i kroppen.

Modell av tynntarm hos menneske. Illustrasjon.

Tolvfingertarmen

I tolvfingertarmen blir dei sure småporsjonane frå magesekken blanda med fordøyingsvæsker frå bukspyttkjertelen, galleblæra og dei mange små kjertlane i tynntarmen. Bukspyttet og tarmsafta inneheld enzym som spaltar karbohydrat, feitt og protein. Desse væskene er basiske slik at den sure blandinga frå magesekken blir nøytralisert. Mange menneske, særleg eldre, får danna gallestein, som kan sette seg fast i gallegangen.

Resten av tynntarmen

Tverrsnitt av tynntarmen. Illustrasjon.
Tverrsnitt av tynntarmen kor vi kan sjå dei små utvekstane som kalles tarmtottar.r.

Både den endelege nedbrytinga av karbohydrat, protein og feitt og absorpsjonen av nedbrytingsprodukta skjer i tynntarmen.
Overflata på tynntarmen er svært stor fordi tarmslimhinna har høge tverrfaldar som består av fingerliknande utvekstar tett i tett, såkalla tarmtottar. Overflata til dei einskilde tarmtottane består igjen av ørsmå buktingar. Dermed blir overflata på innsida av tynntarmen til saman heile 200 m2.

Karbohydrata

Enzyma i spyttet og bukspyttet spaltar stivelse og glykogen til disakkarid. Deretter tek enzyma i tarmen over og spaltar disakkarida til monosakkarid.
Til dømes blir maltose spalta til glukose av enzymet maltase.
Monosakkarida blir tekne opp av tarmcellene.

Proteina

Enzym i tynntarmen bryt ned peptidbindingar og aminosyrekjeder til frie aminosyrer og små peptid med to til tre aminosyrer som blir tekne opp av tarmcellene.

Feitt

Enzym i bukspyttet bryt ned triglyserida til feittsyrer og glyserol. Gallen blir produsert i levra og samla opp i galleblæra. Han inneheld ikkje enzym, men gallesalt. Gallesalta er heilt nødvendige for spaltinga av feitt i tynntarmen. Feittet blir finfordelt (emulgerer) til ørsmå dropar av triglyserid slik at enzyma får større overflate å gå til åtak på. Feittsyrer og glyserol blir tekne opp av tarmcellene.

Læringsressursar

Fordøyinga – næringsstoffa vert brotne ned