1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Fordøyinga – næringsstoffa vert brotne nedChevronRight
  5. Munnen, matrøyret og magesekkenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Munnen, matrøyret og magesekken

Visste du at fordøyinga startar allereie i munnen? Der blir stivelse spalta. Spalting av protein startar i magesekken. Feitt blir ikkje spalta før det er nede i tynntarmen.

Kvinne putter bringebær i munnen. Foto

Munnen

I munnhola blir maten toggen og får spytt frå spyttkjertlane. Desse kjertlane lagar mellom 1 og 2 liter spytt dagleg. Spytt gjer at maten blir lettare å svelgje, hemjar bakterievekst og er syrenøytraliserande. Tygginga findeler maten mekanisk slik at fordøyingsenzyma lettare kjem til. Spytt inneheld enzymet amylase som startar spaltinga av stivelse alt i munnhola. Enzymet held fram med spaltinga i magesekken til den sure magesafta stoppar reaksjonen.

Spalting av stivelsemolekyl. Illustrasjon.
Spalting av stivelse
Munn, matrør og magesekk. Illustrasjon

Matrøret

I matrøyret blir maten ført til magesekken. Når vi svelgjer, blir det sett i gang muskelrørsler i matrøyret som pressar maten mot magesekken (peristaltiske rørsler).

Magesekken

Magesekken rommar om lag 1 liter hos vaksne og produserer dagleg om lag 2 liter magesaft frå kjertlar i veggen. Magesafta inneheld saltsyre, slim og enzymet pepsin.

Saltsyra set ned pH-verdien i innhaldet i magesekken til om lag 1,5. Saltsyra denaturerer proteina. Dessutan drep syra dei fleste bakteriane i maten. Pepsin spaltar proteina til kortare peptidkjeder (kjeder av aminosyrer). Dette enzymet verkar berre i surt miljø. Slimet vernar veggane i magesekken.


Maten blir òg kraftig elta av muskelrørsler i magesekken før han blir send porsjonsvis ut i tolvfingertarmen.

Læringsressursar

Fordøyinga – næringsstoffa vert brotne ned