1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Fordøyinga – næringsstoffa vert brotne nedChevronRight
  5. Øvingsoppgåver - FordøyingaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Øvingsoppgåver - Fordøyinga

Tverrsnitt av tarmtott i tynntarmen. Illustrasjon.
I tynntarmen finn vi tarmtottane. Dei tar opp nedbrutte næringsstoff og overfører dei til blodet.
  1. Når vi svelgjer blir maten skyvd gjennom matrøret ned til magesekken. Desse muskelrørslene kallar vi peristaltiske rørsler. Slike rørsler gjer også at innhaldet i magesekken og tarmane blir blanda og transportert vidare.
    Studer animasjonen av fordøyelsen og prøv å beskrive dei peristaltiske rørslene.
  2. Vi seier at magesafta er ein del av forsvarssystemet i kroppen. Kvifor er det slik?
  3. Tenk deg at du et ein sukkerbit.Forklar kva som skjer med sukkerbiten - frå munnen til forbrenninga.
  4. Studer den morosame engelske animasjonen og beskriv kva som skjer under fordøyinga av eple og fisk.
  5. Kva for næringsstoff blir spalta i tynntarmen?
  6. Slimhinna i tynntarmen har ei ganske stor overflate. Kvifor er dette viktig?
  7. Cøliaki er ein sjukdom der tarmtottane blir øydelagde når personen et mat som inneheld gluten frå ulike typar mjøl. Bruk lenka på sida og finn ut kva dette skuldast og kva dette kan føre til.
  8. Kva er laktoseintoleranse? Bruk lenka på sida.
  9. Kva skjer når ein har diaré?
  10. Kvifor kan det vere farleg å ha langvarig diare?
  11. Bruk lenka på sida og finn ut kvifor det er sunt å ete matvarer som er framstilt ved bruk av bakteriar, til dømes yoghurt?
  12. Bruk lenka på sida og finn ut kvifor barn bør ete mindre salt mat?
  13. Vurder denne påstanden: «Ønskjer du å få ein kropp med mest mogleg musklar og minst mogleg feitt, bør du ete berre protein.»

Læringsressursar

Fordøyinga – næringsstoffa vert brotne ned