Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Næringsstoff får kroppen til å fungereChevronRight
  5. Samandrag – NæringsstoffChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Næringsstoff

Ulike matslag. Foto.
  • Det finst tre typar energigivande næringsstoff i maten vi et: feitt, karbohydrat og protein. Dei byggjer opp kroppen vår og held han i stand. Alle tre næringsstoffa kan omsetjast i kroppen ved forbrenning slik at det blir frigjort energi.
  • Feitt er esterar av alkoholen glyserol og tre feittsyrer.
    Metta feitt har berre enkeltbindingar mellom karbonatoma i feittsyrene. Umetta feitt har ein eller fleire dobbelbindingar mellom karbonatoma i feittsyrene.
  • Karbohydrat blir delte inn i tre grupper: monosakkarid, disakkarid og polysakkarid. Disakkarid er samansett av to monosakkarid. Polysakkarid er samansett av mange monosakkarid.
  • Protein er store molekyl bygde opp av lange kjeder av aminosyrer. Det finst tjue ulike aminosyrer. Rekkjefølgja på aminosyrene er viktig for dei eigenskapane proteinet får.
  • Vi kjenner i dag til 13 ulike vitamin som er livsnødvendige for menneska, men vi treng berre ørsmå mengder av dei.
  • Trass i at dei forskjellige uorganiske minerala til saman berre utgjer ein liten del av kroppsvekta (omlag 4 prosent), er dei svært viktige.
  • På same måten som vitamina er minerala nødvendige for mange prosessar i kroppen, men dei forbrenn ikkje.
  • I motsetning til vitamina er fleire mineral viktige byggjesteinar i kroppen.
  • Vi deler minerala i to hovudgrupper.
    Den eine gruppa er mineral som vi treng heller mykje av, og som fungerer som byggjesteinar i kroppen. Vi kallar dei mineral. To eksempel her er kalsium og fosfor.
    Den andre gruppa kallar vi sporstoff fordi kroppen berre treng ørsmå mengder av desse minerala. Jern, sink, selen og krom er eksempel på sporstoff.
  • Nokre sporstoff er giftige. Dei viktigaste giftige sporstoffa er kadmium, bly og kvikksølv.

Læringsressursar

Næringsstoff får kroppen til å fungere

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Elektronparbinding

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Organiske molekyl

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Måling av feitt i potetgull

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Påvising av glukose og protein i drikke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff