Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Næringsstoff får kroppen til å fungereChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mineral – byggjesteinar og hjelpestoff i små mengder

Mineral er stoff kroppen treng i små mengder. Dei er viktige byggjesteinar og hjelpestoff som vi må få gjennom maten.

Mineral – byggjesteinar og hjelpestoff

Minerala er, som vitamina, nødvendige for mange prosessar i kroppen vår. I motsetning til vitamina er fleire mineral viktige byggjesteinar i kroppen. Særleg skjelettet er avhengig av mineraltilførsel. Mineral er òg viktige for at nervesystemet og musklane skal fungere normalt.

Trass i at dei ulike uorganiske minerala til saman berre utgjer ein liten del av kroppsvekta (omlag 4 prosent), er dei svært viktige.

Mineral og sporstoff

Vi deler minerala i to hovudgrupper:

  • Mineral
  • Sporstoff

Mineral treng heller mykje av. Dei fungerer som byggjesteinar i kroppen.

Sporstoff er mineral vi treng veldig lite av. Sporstoff er nemninga på meir enn hundre grunnstoff som til saman utgjer mindre enn ein titusendel av kroppsvekta.

Nokre viktige mineral

Kalsium

Tenner i smilende munn. Foto

Kalsiumion er heilt nødvendige for oppbygginga av skjelettet og tennene, for at musklane skal kunne dra seg saman, for å overføre impulsar frå nervetrådane og for at blodet skal koagulere. Kalsiumion er det mineralstoffet vi har mest av i kroppen. Mjølk og ost er svært rike kjelder for kalsiumion. Vi treng vitamin D for å ta opp kalsiumion frå maten.

Fosfor

Omsetninga av kalsium og fosfor er knytte nært saman, og fosfat er bunde til kalsium i skjelettet som kalsiumfosfat.

Bananer ligger i en haug. Foto

Kalium

98 prosent av det totale innhaldet av kaliumion i kroppen finn vi i cellene. Kaliumion regulerer trykkskilnaden mellom innsida og utsida av celleveggene og saltbalansen. Særleg mykje kaliumion er det i bananar, grønsaker og poteter.

Natrium

Natriumion trengst òg for å halde oppe ein normal trykkskilnad mellom innsida og utsida av celleveggene og er derfor nødvendige for salt- og væskebalansen i og utanfor cellene. Dei er òg nødvendige for at muskel- og nervecellene skal fungere normalt, og for å regulere pH-balansen.

Magnesium

Magnesiumion verkar saman med mange enzym og arbeider med omsetninga av energi i kroppen og i produksjonen av protein og arvestoff.

Nokre viktige sporstoff

Fleire av sporstoffa er livsnødvendige, det vil seie at mangel kan føre til sjukdom og i verste fall død. Det er vanleg å dele inn sporstoffa i to grupper: dei livsnødvendige, som jern, sink og jod, og dei giftige, som bly og kadmium.

Jern

Oppskåre ytefilet på skjærefjøl. Foto

Jernion er heilt nødvendige fordi dei både fraktar oksygen til cellene og inngår i enkelte enzym som trengst i energiomsetninga.
Dei viktigaste kjeldene for jern er grovbrød og andre grove kornprodukt, kjøtt, leverpostei og grøne bladgrønsaker. Vitamin C aukar jernopptaket frå maten.

Sink

Sinkion hjelper til med å transportere karbondioksid frå cellene til lungene, dei er med i omsetninga av fleirumetta feittsyrer, dei er viktige for immunsystemet, dei inngår i insulin, dei aktiverer enkelte enzym, og dei får sår til å gro.

Jod

Torsk i tareskog. Foto.
Torsk er ei god kjelde til sporstoffet jod.

Jodion er viktige for å halde oppe eit normalt stoffskifte,
sidan dei medverkar i utviklinga av hormonet tyroksin i skjoldbruskkjertelen. Tyroksin er eit hormon som er med på å regulere energiomsetninga i kroppen.

Giftige sporstoff

Svært mange giftstoff finst i ørsmå mengder i kroppen til alle menneske. Desse stoffa har til vanleg ingen innverknad på helsetilstanden vår. Ved aukande konsentrasjonar kan dei derimot påverke kroppsfunksjonane nokså mykje. Dei viktigaste giftige sporstoffa er kadmium, bly og kvikksølv.

Læringsressursar

Næringsstoff får kroppen til å fungere

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Elektronparbinding

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Organiske molekyl

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Måling av feitt i potetgull

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Påvising av glukose og protein i drikke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff