Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Næringsstoff får kroppen til å fungereChevronRight
  5. Vitamin – viktige stoff i små mengderChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vitamin – viktige stoff i små mengder

Vitamin er stoff som er livsnødvendige for oss, men som vi berre treng små mengder av. Dei må vi få gjennom maten, fordi kroppen ikkje kan bygge dei sjølv. Unntaket er vitamin D som huda kan danne i sollys, og vitamin K som kan dannast av bakteriar i tarmane.

Funksjonen til vitamina

Alle vitamina er svært ulike, har ulik kjemisk oppbygging og har heilt ulike oppgåver i kroppen. Vitamina er næringsstoff som regulerer stoffskiftet i kroppen og er nødvendige for omsetninga av karbohydrat, feitt, protein og mineralstoff. Vi kjenner i dag til 13 ulike vitamin.

For lite vitamin i kosten kan gi mangelsjukdommar. Dette var vanleg før i tida, men no til dags er dei sjeldne. I fattige land er derimot vitaminmangelsjukdommar svært utbreidde. Nokre vitamin er stoff som må vere til stades for at viktige enzym skal verke, såkalla koenzym. Mange B-vitamin er koenzym.

Hånd med blåbær. Foto.
Blåbær og andre bær kan vere ei god kilde til antioksidantar.

Fleire av vitamina verkar som antioksidantar i cellene, til dømes vitamina C, E og A. Antioksidantar vernar cellene i kroppen vår mot såkalla frie oksygenradikal og vernar oss på denne måten mot kreft og hjartesjukdommar. Frie oksygenradikal er stoff som kroppen produserer under celleandinga. Det blir forska mykje på om vitamina kan brukast til å førebyggje sjukdommar. Fleire vitamin er mellom anna knytte til førebygging av kreft og hjarte- og karsjukdommar.

Feittløyselege vitamin

Vitamin A, D, E og K er feittløyselege og kan lagrast i kroppen. Det er derfor ikkje nødvendig å dekkje behovet kroppen har, kvar dag, berre ein får nok over ein lang periode.

Paprika i ulike farger. Foto.
Paprika innheld 6 gonger så mykje C-vitamin som appelsin.

Vassløyselege vitamin

Vitamin B og vitamin C er vassløyselege og blir raskt skilde ut av kroppen. Sidan dei ikkje blir lagra, må dei stadig bli tilførte gjennom mat og drikke.
Vitamin B er ei stor gruppe vitamin (tiamin, riboflavin, niacin, pyridoxin, pantotensyre, biotin, kobalamin og folsyre).

Vitamin

Funksjon

Gode kjelder

Vitamin A

Viktig for normalt syn, slimhinner, hud, cellevekst og i forsvaret mot infeksjonar og kreft

Gulrot og andre raude og grøne grønsaker, tørka frukt, lever, leverpostei, feit fisk, smør og margarin

Vitamin B

Viktig for hud, hår og negler – er og viktig i nedbrytinga av protein, feitt og karbohydrat

Grøne grønsaker, brød og kornvarer, mjølk, ost, fisk og egg

Vitamin C

Tilrettelegg normal utvikling av celler og vev, aukar oppsuging av jern i tarmen. Verkar som antioksidant

Sitrusfrukt, solbær, kålrot, poteter og andre frukt, bær og grønsaker

Vitamin D

Nødvendig for at tarmen skal ta opp kalk. Regulerer kalkinnhaldet i knoklane

Tran, feit fisk, smør og margarin.
Sollys (UV-strålar) på hud

Vitamin E

Viktig for celler og vev. Verkar som antioksidant

Kornvarer, oljar, feit fisk, tørka frukt og grønsaker

Vitamin K

Viktig for blodet si evne til å levre seg

Grønsaker (spesielt grøne), kjøtt og kornprodukt. Tarmbakteriar

Læringsressursar

Næringsstoff får kroppen til å fungere

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Elektronparbinding

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Organiske molekyl

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Måling av feitt i potetgull

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Påvising av glukose og protein i drikke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff