Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Næringsstoff får kroppen til å fungereChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Protein byggjer opp og halder ved like

Protein er næringsstoff som er nødvendige for å byggje opp og halde vedl ike celler og vev, og for å produsere hormon og enzym. og produksjon av hormoner og enzymer. Dei gir også energi. I kroppen er det om lag 100 000 forskjellige proteiner som alle har sine faste oppgåver å utføre.

Aminosyrer

Generell strukturformel for aminosyre. Grafikk.
Generell strukturformel for aminosyrer.

Proteina er bygde opp av kjemiske sambindingar som vi kallar aminosyrer. Som namnet fortel oss, er desse sambindingane syrer som inneheld ei såkalla aminogruppe (NH2). Aminogruppa og syregruppa (COOH) er bundne til det same karbonatomet. Til dette karbonatomet er det òg bunde eit hydrogenatom og ei gruppe som vi kan kalle R.
R-gruppa varierer frå aminosyre til aminosyre. Det finst tjue ulike R-grupper og altså tjue ulike aminosyrer.

Tolv av desse aminosyrene kan kroppen lage sjølv. Det er åtte aminosyrer (ni for spedbarn) som er essensielle eller livsviktige, og som ein må få gjennom maten.

Protein er kjeder av aminosyrer

Protein er store molekyl bygde opp av lange kjeder av aminosyrer.
Når to aminosyrer bind seg til kvarandre for å lage eit protein,
blir det skilt ut eit vassmolekyl. Bindinga mellom dei to aminosyrene er ei elektronparbinding som vi kallar peptidbinding.

Kjeder av aminosyrer som enno ikkje er ferdige protein, kallar vi polypeptidkjeder. Desse kjedene kveilar seg opp på fleire måtar og utviklar mange ulike protein. Det er rekkjefølgja på aminosyretypane og lengda av polypeptidkjeda som avgjer korleis kjeda skal kveile seg opp, og kva for eigenskapar proteinet skal få. Ho er bestemt av genet på DNAet (arvestoffet vårt). Ei feil aminosyre i rekkja kan gjere at proteinet ikkje verkar slik det skal.

Fasongen på proteinet blir halden på plass av hydrogenbindingar mellom aminosyrene. Når proteinet blir varma opp, blir dei brotne, og proteinet kan endre fasong. Vi seier at proteina blir denaturerte ved høg temperatur.
Proteina denaturerer òg i sure oppløysningar.

Variert norsk kost inneheld normalt nok essensielle aminosyrer.
Aminosyrer som kroppen ikkje treng, forbrenn eller blir omlaga til feitt. Urea (urinstoff), som blir skilt ut i urin, er avfallsprodukt med nitrogenet frå aminosyrene.

Læringsressursar

Næringsstoff får kroppen til å fungere

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Elektronparbinding

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Organiske molekyl

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Måling av feitt i potetgull

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Påvising av glukose og protein i drikke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff