Stivelse, glykogen og cellulose er døme på polysakkarid. Alle er lange kjeder av monosakkaridet glukose (poly tyder "fleire"), men dei er bundne saman på ulike måtar. Det gir molekyla forskjellig form, og det har mykje å seie for eigenskapane og funksjonane deira.

Stivelse

Stivelse er først og fremst den viktigaste opplagsnæringa i plantane. Stivelse er bygd opp av 100–1000 glukosemolekyl, som finst i store mengder i røter, knollar og frø. Korn og kornprodukt, poteter og grønsaker er dei viktigaste kjeldene til stivelse. Stivelse er nesten uløyseleg i kaldt vatn. I varmt vatn svell stivelseskorna og syg til seg store mengder væske. Det gjer dei lettare å fordøye når vassløysningen tjuknar.
I munnen (spytt) og i bukspyttet finst det eit enzym (amylase) som spaltar stivelsen til disakkaridet maltose.
Vi kan påvise stivelse fordi han blir blåfarga viss vi set til ein jodoppløysning.
Glykogen

Glykogen er eit polysakkarid som berre finst i animalsk vev, i levra og i musklane. Molekylet liknar på stivelsen, men er sterkare forgreina enn stivelsesmolekylet og inneheld fleire glukoseeiningar (33 000–60 000). Vi kan seie at glykogen er den måten dyra lagrar karbohydrat på, og vi kan gjerne kalle det kroppen si matpakke. Kroppen hentar næring frå desse lagra når det går ei stund mellom måltida.
Cellulose
Cellulosemolekyla er lange, ugreina kjeder av glukose. Eit knippe av molekyl blir bundne saman til ein cellulosefiber med hydrogenbindingar. Cellulosefibrar er stive og utgjer den viktigaste delen av celleveggen i plantecellene.

Cellulose skil seg frå dei andre polysakkarida på den måten at fordøyingskanalen hos menneska ikkje har enzym som kan spalte desse bindingane mellom glukosemolekyla og nyttiggjere seg energien. Cellulosefibrar passerer derfor ufordøydde gjennom tarmen. Vi bør likevel ete kost som inneheld ein del cellulosefibrar fordi fibrane stimulerer og reinskar tarmane. Det førebyggjer ein del sjukdommar. Cellulosefibrar blir derfor kalla kostfibrar.
I tarmane til dyr som et gras, lever det mikroorganismar. Desse kan spalte cellulose til monosakkarid som dyret kan ta opp i blodet.
Oversikt over polysakkarida
Karbohydrat | Gruppe | Teke opp i blodet som | Kjelde |
---|---|---|---|
Stivelse | Fordøyeleg | Glukose | Korn og poteter |
Glykogen | Fordøyeleg | Glukose | Lever og musklar |
Cellulose | Ufordøyeleg | Ikkje brote ned (kostfiber) | Korn, grønsaker og frø |
Pektin | Ufordøyeleg | Ikkje brote ned (kostfiber) | Frukt og bær |
Læringsressursar
Næringsstoff får kroppen til å fungere
Fagstoff
Karbohydrat gir energi
KjernestoffMonosakkarid – enkle karbohydrat
KjernestoffDisakkarid – to monosakkarid saman
Kjernestoff- Kjernestoff
Polysakkarid – lange glukosekjederDu er her
Feitt – energi og isolasjon
KjernestoffProtein byggjer opp og halder ved like
KjernestoffVitamin – viktige stoff i små mengder
KjernestoffSamandrag – Næringsstoff
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Høyr deg sjølv - Næringsstoff
KjernestoffØvingsoppgåver - Næringsstoff
KjernestoffInteraktivt oppgåvesett om næringsstoff
KjernestoffForsøk: Påvising av monosakkarid
KjernestoffForsøk: Påvising av stivelse og protein
Kjernestoff