1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Næringsstoff får kroppen til å fungereChevronRight
  5. Disakkarid – to monosakkarid samanChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Disakkarid – to monosakkarid saman

Dei mest vanlege disakkarida er sukrose (vanleg sukker), maltose (maltsukker) og laktose (mjølkesukker). Alle disakkarida smaker søtt. Disakkarida (di tyder "to") er samansette av to monosakkarid. I tynntarmen er det spesielle enzym som spaltar disakkarida til to monosakkarid.

Bildet viser hender fyllt med sukker

Sukrose

Forenklet strukturformel av sukrose. Illustrasjon.

Sukrose blir framstilt frå sukkerroer eller sukkerrør.
Det raffinerte sukkeret vi kjøper er reinsa gjennom ulike prosessar. Sirup inneheld òg mykje sukrose.
Sukrose er samansett av glukose og fruktose.

Maltose

Strukturformelen for maltose. Illustrasjon
To glukosemolekyl reagerer og danner maltose. Vann spaltes av.

Maltose finn vi i spirande korn (når stivelse blir broten ned). Det blir brukt i ølbrygging. Maltose finn vi derfor i øl og i maltekstrakt.
Maltose er samansett av to glukosemolekyl.

Laktose

Melk helles i glass. Foto.

Laktose finn vi i mjølk og søte mjølkeprodukt.
Laktose er samansett av monosakkarida glukose og galaktose.
Enzymet laktase spaltar laktosen.

Alle menneske har dette enzymet i tynntarmen når dei er spedbarn. Men dei fleste mister det heilt eller delvis i tre til fireårs-alderen, når vi vanlegvis ikkje lenger treng å drikke morsmjølk. Likevel toler dei fleste vaksne i Nord-Europa å drikke kumjølk.

Læringsressursar

Næringsstoff får kroppen til å fungere

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Elektronparbinding

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Organiske molekyl

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Måling av feitt i potetgull

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Påvising av glukose og protein i drikke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff