Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Næringsstoff får kroppen til å fungereChevronRight
  5. Monosakkarid – enkle karbohydratChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Monosakkarid – enkle karbohydrat

Monosakkarid er karbohydrat som består av berre éin karbonring. Mono kjem frå det greske ordet monos som tyder "enkel" eller "åleine". Druesukker og fruktsukker er døme på monosakkarid.

Ulike typer frukt ligger utover et bord. Foto.

Glukose – druesukker

Forenklet strukturformel for glukose. Illustrasjon.

Glukose er det vanlegaste sukkeret i planteriket. Plantane lagar glukose frå vatn og karbondioksid i fotosyntesen med energi frå sola. Plantane dannar seinare om glukose til andre byggjestoff.

Glukose finst i fri tilstand i honning, søte bær og frukter og som byggjestein i mange av dei samansette sukkerartane. Glukosemolekylet dannar ein seksring.

Fruktose – fruktsukker

Forenklet strukturformel for fruktose. Illustrasjon.

Eit anna vanleg monosakkarid, fruktose, dannar ein femring. Fruktose gjer at honning, frukt og bær smaker søtt.

Galaktose – del av mjølkesukker

Forenklet strukturformel for galaktose. Illustrasjon.

Galaktose er eit monosakkarid som inngår som ein del av laktose (mjølkesukker), og som derfor finst i søte mjølketypar, prim og brunost. Galaktose dannar òg ein seksring.

Læringsressursar

Næringsstoff får kroppen til å fungere

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Elektronparbinding

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Organiske molekyl

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Måling av feitt i potetgull

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Påvising av glukose og protein i drikke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff