Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Næringsstoff får kroppen til å fungereChevronRight
  5. Forsøk: Måling av feitt i potetgullChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Måling av feitt i potetgull

Potetgull, eller potetchips, er godt, og ei stor fettkjelde for mange ungdommar. På posen står det kor mange gram feitt det er pr. 100 gram vare, men er det rett?

Potetgullflak på hvit bakgrunn. Foto

Formål

Lære korleis vi kan trekkje ut feitt og måle mengda feitt i ei matvare.

Utstyr

100 gram potetgull, begerglas à 400 ml, løysemiddel (aceton), matskei, trekt på stativ med klemme, filterpapir, glasskål på 200 ml, varmeplate, eit stort, vått handkle i ei bytte, fin vekt

Framgangsmåte

  1. Knus 100 gram potetgull i begerglaset ved å trykkje potetgullet ned med handa.
  2. Tilset ca. 1 dl aceton.
  3. Kna og bland potetgull og aceton saman med matskeia i eit par minutt, slik at alt potetgullet kjem i kontakt med acetonet. Feittet blir då ekstrahert frå potetane og går over i løysemidlet.
  4. Skil potetgull frå feitt/aceton ved å tømme blandinga oppi trekta.
    Pass på at det står ei 200 ml glasskål under trekta, slik at feittet/acetonet kan renne oppi.
  5. Set glasskåla på ei kokeplate under svak varme. La acetonet fordampe frå skåla, slik at feittet blir liggjande att.
    NB! Du må ikkje setje kokeplata på fullt eller bruke open flamme. Aceton kan lett ta fyr.
  6. Ha eit stort, vått handkle lett tilgjengeleg i ei bytte for å sløkkje flammane dersom det skulle ta fyr. Avdampinga av aceton bør gjerast i eit avtrekk, og vassbad er tryggast.
  7. Til sist veg du feittet (trekk ifrå vekta av skåla) og kontrollerer
    feittinnhaldet mot varedeklarasjonen på pakken.

Læringsressursar

Næringsstoff får kroppen til å fungere

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Elektronparbinding

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Organiske molekyl

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Påvising av glukose og protein i drikke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff