Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Næringsstoff får kroppen til å fungereChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Fat med oppskåret frukt. Foto.
Frukt inneheld mykje fruktsukker, men korleis reagerer fruktsukker med fehlings væske?

Formål

Vise korleis vi kjemisk kan påvise monosakkarid.

Innleiing

Fehlings væske er ein mørkeblå løysning som skifter farge til
mursteinsraudt når vi varmar opp væska med eit monosakkarid itillegg til disakkarida mjølkesukker (laktose) og maltsukker (maltose). Væska held på blåfargen når ho blir varma opp med sukrose eller stivelse. Dersom vi held mjølkesukker og maltsukker utanfor dette forsøket, kan vi bruke Fehlings væske til å påvise monosakkarida glukose og fruktose.

Utstyr

  • destillert vatn
  • teskei
  • vernebriller
  • tre reagensrør
  • to begerglas à 250 ml
  • Fehlings væske
  • rørepinne
  • fruktose
  • glukose
  • sukrose
  • kokeplate
  • merketeip
  • tusj

Framgangsmåte

  1. Ha i ei halv teskei glukose, fruktose og sukrose i kvart sitt
    reagensrør. Merk med merketeip og tusj, slik at du kan halde styr på kva som er i dei ulike reagensrøra.
  2. Tilset eit par milliliter vatn i kvart av dei tre reagensrøra og rist godt. Til sist set du til 1 ml Fehlings væske i kvart rør.
  3. Plasser dei tre reagensrøra i eit vassbad på ei varmeplate - reaksjonen går raskare ved høg temperatur.
  4. Reaksjonane i dei tre røra varierer. Før vi plasserte røra i vassbad, hadde alle tre ein mørkeblå farge etter tilsetjing av den mørkeblå Fehlings væske. Når røra har stått i vassbad i nokre minutt, endrar fargen seg. Noter dei endringane du fekk.

Læringsressursar

Næringsstoff får kroppen til å fungere

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Elektronparbinding

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Organiske molekyl

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Måling av feitt i potetgull

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Påvising av glukose og protein i drikke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff