Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Næringsstoff får kroppen til å fungereChevronRight
  5. Forsøk: Påvising av stivelse og proteinChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Lær nokre enkle kjemiske påvisingar av næringsstoff i matvarer.

To mannlege elevar jobbar på kjemilab. Foto.

Formål

Formålet med forsøket er å lære nokre enkle kjemiske påvisingar av næringsstoff i matvarer.

Innleiing

Polysakkaridet stivelse er et viktig karbohydrat. Du påviser vassløyseleg stivelse ved å ta litt stivelsesløysning i eit reagensrør og setje til nokre dropar jodløysning.
Blåfargen med jod er positiv test på stivelse. Dersom løysningen er for konsentrert, kan han sjå svart ut. Fargen vert borte ved oppvarming, men kjem tilbake ved avkjøling.

Protein som er løyste i vatn, kan påvisast ved at dei gjev ein blå-fiolett farge når dei kjem saman med ein koparsulfatløysning. Det vert kalla Biuret-reaksjonen. Løysningen bør vere basisk, derfor tilset vi litt natronlut til prøvene. Kopar(II)sulfatløysningen er sjølv blåfarga.

Framgangsmåte

Forprøver

  1. Løys opp litt stivelse i litt vatn. Tilset 3 dropar jodløysning og bland godt. Registrer fargen slik at du veit korleis han ser ut.
  2. Hell 5 mL natronlut i to reagensglas. I det eine reagensglaset har du 5 ml eggekvite og i det andre 5 mL vatn.
  3. Set tre dropar kopar(II)sulfatløysning til begge glasa og bland godt. Fargeforandringa frå blå over mot lilla er teikn på protein, men for matvarer vert fargen ofte svakare lilla enn for eggekviten.

Matvarer

  1. Dersom matvara er i væskeform, tek du om lag 5 mL av væska over i kvart av to reagensglas. I det første tilset du 3 dropar jodløysning, og i det andre 5 mL natronlut og tre dropar kopar(II)sulfatløysning. Samanlikn med forprøvene.
  2. Dersom matvara er i fast form, kan du skjere henne i småbitar og knuse bitane i cirka 20 mL vatn i eit begerglas. Hell ca. halvparten over i eit reagensglas som du deretter fordeler i to nye glas. Deretter testar du for stivelse og protein (i dette glaset kan du gjerne ta med litt grums også). Somme protein, som proteina i mjøl og kjøtt, løyser seg dårleg i vatn. Derfor bør du også sjå på grumspartiklane.
  3. Faste matvareprøver som skiver av potet og banan eller mjøl kan ein teste direkte ved å drype jodløysning rett på.
  4. Før opp matvaretypen og observasjonane og konklusjonane dine i ein tabell under resultat.

Resultat og konklusjon

  1. Kva for ein av testane synest du var lettast å vurdere?
  2. Var det feilkjelder?

Hva er surt og hva er basisk?

Undersøk pH på ting som kaffe, spytt og såpe for å finne ut om dei er sure, basiske eller nøytrale. Undersøk om endring av volumet eller tynning med vatn påverkar pH.

Læringsressursar

Næringsstoff får kroppen til å fungere

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar