Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Ernæring og helse

Kropp og helse blir ofte omtalte i media. For at du skal kunne vurdere den informasjonen du får, er det nødvendig med kunnskap om korleis livsstil påverkar kropp og helse over tid. I dette emnet fokuserer vi på korleis næring blir omsett i kroppen, og korleis dei ulike delane i kroppen verkar saman.

God helse

God helse vil mellom anna seie å ha ein kropp som fungerer. Det inneber å ete næringsrik mat og vere fysisk aktiv, men òg å ha det bra med seg sjølv. Dersom du er trygg på deg sjølv og andre, er det òg lettare å oppretthalde ei god mental helse. I dette emnet får du også høve til å drøfte spørsmål knytte til slanking, eteforstyrringar, trening og korleis livsstilen vår påverkar helsa.

Emner

Ernæring og helse

  • Grunnleggjande kjemi

    Repetisjonsstoff om kjemi som dannar grunnlag for temaa Ernæring og helse, Stråling og radioaktivitet og Energi for framtida.

  • Det vi et og drikk skal gi oss næringsstoff til å byggje opp kroppen – det skal slik gi oss energi og tilføre stoff som gjer at kroppen verkar som han skal.

  • Helse og livsstil

    God helse er ikkje berre fråver av sjukdom. Helsa vår heng tett saman med kosthald, trening og livsstil.

  • Kosmetikk - kunsten å pynte seg

    Kosmetikk blir brukt som samleomgrep for produkt vi bruker for å endre, utheve, forsterke, maskere eller ta vare på kroppen sin utsjånad eller lukter.