1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. PopulasjonsutviklingChevronRight
  5. Genetisk forureiningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Genetisk forureining

Framande artar, med endra gen eller ikkje, kan ha føremoner i konkurransen og fortrengje populasjonar som naturleg høyrer heime i eit område. Genmodifiserte artar kan overføre dei nye gena sine til ville artar som er i same slekta. Spreiing av nye artar kan ha konsekvensar som vi ikkje kjenner til.

En fisk på vei ut av ,æra. Tegning.
Oppdrettslaks på flukt!

Naturleg utval hos ville artar blir forstyrra

Åkerkål. Foto.
Åkerkål, ei brysam ugrasplante.

Heilt frå det første livet på jorda har artar oppstått og døydd ut. Denne evolusjonen har gått føre seg over millionar av år og har ikkje hatt noka bestemt retning. Miljøet har vore avgjerande for kva for individ som skulle klare seg best og få flest avkom. I ein populasjon er det eit stort mangfald av eigenskapar. Det individet som heile tida er best tilpassa miljøet, vil ha størst sjanse til å overleve og føre gena sine vidare. Dette blir kalla naturleg utval og fører til at ein populasjon blir tilpassa det miljøet han lever i. Dersom genmodifiserte artar blir sette ut slik at dei får høve til å krysse seg med artar som er i same slekta, vil det framande genet kunne spreie seg til ville artar.

Døme

Rapsåker. Foto.
Raps, ei viktig kulturplante i landbruket.

Plantar

Kulturplantar med gen som gir glyfosatresistens, vil kunne krysse seg med ville ugrasartar. Resultatet kan bli at ein får populasjonar av ugras som toler sprøytemidlet glyfosat (som òg er kjent under namnet Roundup, produsert av Monsanto). I forsøk er slik krysspollinering utført frå genmodifisert raps til ugrasarten åkerkål.
Noreg, og svært mange andre land, har eit regelverk som skal hindre at slike gen kjem på vidvanke. Mykje tyder på at det har skjedd uhell, slik at ville plantar har teke opp resistensgen.

Villaks og rømt oppdrettslaks

Lakseyngel i en menneskehånd. Foto.
Smolt, lakseunge klar for eit liv i sjøen.

Lakseyngelen forlèt elva si som små smolt, og etter nokre år i havet kjem dei attende som storlaks til same elva. Dei høyrer til ein populasjon som ved naturleg utval gjennom tusenar av år er tilpassa forholda i denne elva.

Forskarar i fleire land (også i Noreg) jobba i ein periode med å setje inn ekstra gen for veksthormon frå andre organismar i laks for å sjå om han kunne vekse raskare.

Villaks og oppdrettslaks. Foto.
Villaks (øvst) og oppdrettslaks.

Denne forskinga medførte mange protestar og hadde ikkje støtte frå oppdrettsnæringa. Den genmodifiserte kanadiske/amerikanske oppdrettslaksen, som har ekstra kopiar av det naturlege lakseveksthormongenet, er steril og utgjer ingen spreiingsfare. Genmodifisert laks har aldri vore salsvare i Noreg. Oppdrettsnæringa bruker seleksjonsutval og avlar på laks som veks raskt, er meir motstandsdyktig mot sjukdommar, og klarer livet i fangenskap best mogleg.

Flugefiske. Foto.
Fluefisker ved Sanddøla i Grong.

Rømming av oppdrettslaks har vore – og er framleis – eit stort problem trass i strenge krav om sikring. Ved prøvefiske i somme lakseelver er det funne innslag av oppdrettslaks på over 80 prosent. Berekningar viser at det ikkje bør vere meir enn 5 prosent innslag av oppdrettslaks for å sikre ein naturleg laksestamme på lang sikt.

Sjølv om oppdrettslaksen har alle gena sine frå ulike stammar av villaks, er han ikkje så godt tilpassa livet i elva som den lokale laksestammen. Rømd oppdrettslaks gyter på eit seinare tidspunkt enn villaksen og bruker i stor grad dei same gytegropene. Slik blir mange av dei befrukta egga som allereie ligg der, øydelagde, og oppdrettslaksen får ført gena sine vidare. I mange elver er villaksstammen sterkt trua.

"2006 var verste rømmingsåret noensinne med over én million rømte oppdrettsfisk. Til sammenligning går det årlig opp rundt 500 000 villaks i norske vassdrag. – Nå må det bli forbudt med rømming. Rømt fisk er forurensning av naturen, og lovverket må behandle rømminger som ulovlige utslipp, krever Rasmus Hansson, generalsekretær i WWF. "



Læringsressursar

Populasjonsutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter