Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. PopulasjonsutviklingChevronRight
  5. Arbeidsoppgåver – PopulasjonsutviklingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Arbeidsoppgåver – Populasjonsutvikling

For å løyse desse oppgåvene må du søkje opplysningar og arbeide med stoffet du har lese.

Mennesker plassert slik at de danner en kurve. Illustrasjon
Populasjonsutvikling
  1. Korleis definerer vi ein art?
  2. Forskarar dyrkar tøffeldyr (ein type eincella dyr) i flasker med vatn tilsett litt næringsstoff. Dei måler talet dyr som er i flaskene kvar time og får dette resultatet:

    Tid i timar

    0

    2

    4

    6

    8

    10

    12

    14

    Talet på dyr

    20

    100

    410

    600

    640

    648

    652

    648

    1. Teikn ein graf ut frå tabellen.
    2. Kva slags vekstkurve er dette eit eksempel på?
    3. Når veks populasjonen raskast?
    4. vifor flater veksten ut?
    5. Kva trur du hadde hendt om ein tilsette meir næring til flaskene?
  3. På ei øy (St. Matthew Island) blei det sett ut nokre reinsdyr.
    1. Korleis trur du populasjonen utvikla seg i dei første 20 åra?
    2. Kva slags vekstkurve trur du det ville blitt i desse åra?
    3. Etter 40 år var det ingen reinsdyr att på øya.
      Kva trur du årsaka kunne vere?
  4. Kva slags vekstkurve følgjer jorda si befolkning?
  5. Kan veksten fortsetje slik? Grunn svaret.
  6. Framande artar som truar det biologiske mangfaldet i norsk natur er nå sett opp på ei liste som kallast "svartelista".
    1. Finn tre eksempel på slike svartelista artar (som ikkje står i lærestoffet), og forklar korleis dei truar norsk natur.
    2. Nemn eksempel på korleis svartelista artar kan spreiast.
  7. Artsmangfald er summen av alle artar som lev i eit område. Kor mange artar trur ein det kan vere på jorda?
  8. Genetisk mangfald viser til variasjonen i arvematerialet innanfor arten.
    1. Kvifor er det viktig at det er stor genetisk variasjon innanfor arten?
    2. Kva kan hende om populasjonen blir for liten?
  9. Sjølv om mangfaldet kan vere svært stort når det gjeld artar, gir ikkje talet artar noko fullstendig bilete av det biologiske mangfaldet. Kvifor?
  10. Kan du tenke deg grunnen til at det biologiske mangfaldet minskar på sluten av eit suksesjonslaup?
  11. Kvifor er forureining eit problem for planter og dyr om det ikkje er giftig? Er ikkje for eksempel sur nedbør noko som dyra kan tilpasse seg gjennom naturleg utveljing av arvelege eigenskapar?
  12. Kvifor er spreiing av framande artar eit miljøproblem?

Læringsressursar

Populasjonsutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter