1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. PopulasjonsutviklingChevronRight
  5. Samandrag – PopulasjonsutviklingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Populasjonsutvikling

Befolkningsutvikling. Illustrasjon.
  • Individa av éin og same art som lever innanfor eit område eller eit økosystem, kallar vi ein populasjon eller bestand.
  • Populasjonsdynamikk er studiet av utbreiinga og mengda av ein art.
  • Talet på individ som held til i eit område, heng saman med fødsel og innvandring, som aukar populasjonen, og død og utvandring, som minskar populasjonen.
  • Bereevna er det maksimale talet på individ som kan leve innanfor eit avgrensa område.
  • Eksponentiell vekst vert òg kalla ukontrollert vekst og har ei j-forma vekstkurve.
  • Vekst som er avhengig av tettleik vert òg kalla vekst mot bereevne og har ei s-forma vekstkurve.
  • Sykliske svingingar finst hos artar som formerer seg raskt, og vekstkurva har form som ein M.
  • Det biologiske mangfaldet er jorda sin variasjon av livsformer og omfattar millionar av plantar, dyr og mikroorganismar, arvestoffa deira og området dei lever i.
  • Innanfor éin og same art er det arveleg variasjon både mellom individa og mellom ulike populasjonar.
  • Arealinngrep, men òg forureining, klimaendringar og framande artar vert rekna som dei største trugsmåla mot biologisk mangfald i Noreg. Med framande artar meiner vi dyr, plantar eller mikroorganismar som ikkje finst naturleg i eit område.

Læringsressursar

Populasjonsutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Genetisk forureining

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter