Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. PopulasjonsutviklingChevronRight
  5. PopulasjonarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Populasjonar

Individa av ein og same arten som lever innanfor eit område eller eit økosystem, kallar vi ein populasjon eller ein bestand. All auren i eit bestemt ferskvatn utgjer for eksempel aurebestanden i dette vatnet. Desse aurane kan òg kallast aurepopulasjonen i vatnet.

Populasjonar

Gaupe. Foto.
Gaupe
Hare i hvit vinterdrakt. Foto.
Hare i hvit vinterdrakt

I eit område eller eit økosystem lever det vanlegvis mange populasjonar av ulike artar plantar og dyr. Dei påverkar kvarandre samtidig som dei sjølvsagt òg blir påverka av . Populasjonsdynamikk er studiet av utbreiinga av og talet på ein art. Fordi alle artar levande organismar blir påverka av andre artar, vil storleiken på forskjellige bestandar av dyr og plantar variere i takt med kvarandre.

Ein stor bestand av hare vil for eksempel gi grunnlag for ein stor bestand av gaupe. Det er likevel ikkje berre og abiotiske faktorar på ein stad som er avgjerande for storleiken på ein bestand.

Mange dyreartar flytter på seg − somme regelmessig, slik som villreinen, andre tilsynelatande tilfeldig, slik som insekt.

Populasjonsstorleik

Populasjonsstorleiken i eit område blir påverka av talet på fødslar og innvandringar, som begge aukar populasjonen, og av talet på daude og utvandra, som begge minskar populasjonen.

Faguttrykk i populasjonsbiologien

Endringar i populasjonsstorleikar

Endringar i populasjonsstorleikar blir ofte uttrykte som ratar i form av talet på endringar per 1000 individ per år:

Fødselsrate: mengda fødde per 1000 individ av populasjonen per år

Daudsrate: mengda daude per 1000 individ av populasjonen per år

Migrasjonsrate: mengda inn-/utvandra per 1000 individ av populasjonen per år

Læringsressursar

Populasjonsutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Genetisk forureining

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter