1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. PopulasjonsutviklingChevronRight
  5. Biologisk mangfaldChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Biologisk mangfald

Biologisk mangfald er mangfaldet av alt liv som finst på jorda. Det handlar ikkje berre om artane, men òg om variasjon i det genetiske mangfaldet innan artsgruppene, og om mangfaldet av leveområde som artane lever i.

Genetisk mangfald

Ørret. Foto.
Ulike ørretstammar som lever fysisk skilde frå kvarandre, vil utvikle seg forskjellig.

Det er genetisk variasjon innan ein art fordi individa har ulike utgåver av same gen. Denne variasjonen gjer at ein populasjon lettare kan tilpasse seg til endringar i miljøet. Individa i to populasjonar av same art kan vere ulike fordi dei har tilpassa seg ulike miljø. Populasjonar av en art som lever isolert frå kvarandre, kan etter svært lang tid tilpasse seg til forskjellige miljø og utvikle seg til ulike artar.

Genetisk mangfald er nødvendig for at ein art skal overleve på sikt. Store bestandar har oftast fleire gen-variantar som gjer dei meir robuste til å tåle miljøforandringar, medan små bestandar med innavl er meir sårbare.

Artsmangfald

Ein art blir gjerne definert som organismar som kan formere seg med kvarandre og få forplantingsdyktig avkom. Det er registrert 44 000 artar i norsk natur, men det reelle talet er nærare 55 000, ifølgje Artsdatabanken. På verdsbasis er det i dag registrert nær 2 millionar artar, men ein trur det kan vere så mange som 13-14 millionar. Artsmangfald er summen av alle artar eller den variasjonen av artar som finnast i eit område.

Mangfald i leveområde

Fjellrev. Foto.
Fjellrev er eksempel på ein art som er tilpassa til å leve på fjellet.

Ulike naturtypar eller økosystem gir ulike livsvilkår for artane som lever der. Generalistar som raudreven kan leve i mange ulike miljø. Andre artar, slik som fjellreven, er spesialistar og kan berre leve på stader med bestemte livsføresetnadar. Nokon naturtypar er svært artsrike, slik som urskog, medan andre naturtypar har få artar. Jo lengre tid ein naturtype har hatt på å utvikle seg, jo større artsmangfald finn vi der. Variasjon i naturtypar gir levevilkår for eit mangfald av artar.

Kvifor skal vi ta vare på det biologiske mangfaldet?

Veps. Foto.
Alle artar har sin plass i økosystemet – også vepsen!

Det biologiske mangfaldet har ein eigenverdi, samtidig som det skaper alle dei funksjonelle økosystema vi kjenner. Mangfaldet er ein føresetnad for menneska sin trivsel og velvære. Alt vi treng for å leve, hentar vi frå naturen. Plantar som skaffer oss mat og medisinar, material til klede, møblar og bygningar stammar frå viltveksande artar i naturen.

Argument for kvifor vi skal ta vare på det biologiske mangfaldet:

  • Eigenverdi: Det biologiske mangfaldet vi har i dag, har utvikla seg gjennom millionar av år. Vi har etisk og moralsk plikt til å ta vare på det for komande generasjonar.
  • Friluftsliv, rekreasjon og trivsel: Moglegheit for å ferdast i vakker, vill og urørt natur med eit variert plante- og dyreliv betyr mykje for trivsel og velvære. Alle artar har si rolle i det økologiske samspelet, og den genetiske variasjonen er viktig for å takle framtidige endringar i miljøet.
  • Indirekte bruksverdi: Eksempel er at myrer hemmar flom, regnskog produserer mykje oksygen, sandmorener reinsar vatn.
  • Direkte bruksverdi som kjelde til mat, brensel, medisinar, byggemateriale og klede.
  • Potensiell verdi: Framtida vil gje oss moglegheiter som ikke er kjent eller utnytta i dag. Dette kan vere både direkte og indirekte verdiar.

Trugslar mot biologisk mangfald

Arealinngrep er den største trugselen mot biologisk mangfald. Avskoging, gjengroing, nedbygging, oppdemming, drenering og oppdyrking er eksempel på måtar vi endrar naturtypar og arter sine levevilkår. Nokon artar er ekstra sårbare for oppdeling av leveområda, fordi dei er avhengige av å flytte på seg. Forureining, framande artar og klimaendringar er andre faktorar som påverkar naturmangfaldet.

Korleis kan vi ta vare på det biologiske mangfaldet?

Diskuter:

  • Det finnast mange ulike artar på jorda. Er det så farleg om ein art forsvinn? Kva for konsekvensar kan det få om ein art dør ut?
  • I teksten over er det fleire argument for kvifor vi skal bevare det biologiske mangfaldet. Er det nokon argument som er viktigare enn andre? Kva for argument synes de er viktigast?
  • Er det nokon artar det er viktigare å ta vare på enn andre?
  • Kva for konsekvensar kan klimaendringar få for det biologiske mangfaldet?
  • Kjenner de til trugslar mot det biologiske mangfaldet i nærmiljøet dykkar?

Læringsressursar

Populasjonsutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Genetisk forureining

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter