1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. PopulasjonsutviklingChevronRight
  5. Vekst i populasjonarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vekst i populasjonar

Populasjonsstorleiken i eit område blir bestemt av talet på fødslar og innvandringar som aukar populasjonen, og av talet på døde og utvandra individ som minskar populasjonen.

Glassmaneter sammen med brennmaneter. Foto.
Glasmaneter

Økologisk bereevne

Den økologiske bereevna til eit område, er den øvre grensa for kor mange individ av ein art som kan leve i området over lengre tid, eller sagt på ein annan måte: Bereevna er det maksimale talet på individ som kan leve på eit avgrensa område over lang tid.

Eksponentiell vekst (ukontrollert vekst)

Frå tid til anna kjem det ein ny art til eit område der den ikkje fantes frå før. Det kan for eksempel skje viss ein ny fiskeart etablerer seg i eit ferskvatn. Konsekvensane kan bli katastrofale for dei etablerte artane viss den nye arten tilpassar seg det nye miljøet. Det gjeld også organismar som følgjer den nye arten i flyttinga (sjukdomsframkallande bakteriar, parasittar eller liknande). Fisk og andre organismar som var i vatnet frå før, kan vere forsvarslause både mot den nye arten og mot organismane den fører med seg. Dei nye artane kan dermed få ideelle vekstforhold utan naturlege fiendar.

I slike tilfelle kan talet på dei nye artane auke veldig samtidig som etablerte artar blir utkonkurrerte av nykommarane. Ganske typisk veks talet på individ slik du ser av figuren til venstre under. Kurva har form som ein J og blir derfor også kalla J-forma vekstkurve.

Kurva til venstre viser eksponentiell vekst der det skjer ein veldig vekst i talet på eksemplar av ein art. Kurva til høgre viser også vekst i populasjonen, men talet på individ stabiliserer seg på det som er bereevna til området for arten. Dette blir kalla vekst mot bereevne eller tettleiksavhengig vekst.

Tettleiksavhengig vekst

For mange populasjonar vil veksten minke når bestanden nærmar seg bereevna til staden. Avgrensinga i talet skuldast forhold som mattilgang, plassmangel, stress, sjukdommar osv. Desse forholda blir ofte kalla tettleiksregulerande faktorar. Når bestanden av ein art nærmar seg ein storleik som tilsvarer bereevna, vil mangel på ressursar og andre tettleiksavhengige faktorar avgrense veksten. Denne miljømotstanden blir også kalla miljøtrykk. Kurva flatar ut på toppen og svingar deretter rundt bereevna. Kurva ser ut som ein S (S-forma vekstkurve) og blir kalla ei tettleiksregulert eller tettleiksavhengig vekstkurve.

Sykliske svingingar

Lemen. Foto.
Lemen

Når bereevna blir mykje overskriden, vil det oppstå stress og mangel på ressursar. Sjukdom spreier seg lettare i tette populasjonar. Overbeite, slitasje på leveområdet og avfallsstoff som hopar seg opp, er også med på å svekke populasjonen, slik at han til slutt bryt saman. Då vil talet på individ bli dramatisk redusert og nå eit minumum. Vegetasjonen tek seg så opp att, og smittepresset blir redusert. Etter ei tid byggjer bestanden seg opp att. Slike vekstkurver finn vi oftast hos artar som formerer seg raskt. Vekstkurva har form som ein M (M-forma vekstkurve). Eksempel på artar med slik vektstkurve er lemen og andre smågnagarar. Talet på predatorar vil bli påverka av svingingane hos byttedyra og få ei liknande vekstkurve. Snøugla hekkar i gode smågnagarår då det er god tilgang på mat til ungane.

Området si bereevne - det maksimale talet på individ som kan leve på eit avgrensa område over tid.

Eksponentiell vekst - blir også kalla ukontrollert vekst og har ei j-forma vekstkurve. Eksempel på slik vekst er når ein ny art tek inn eit område og veks raskt.

Tettleiksavhengig vekst - blir også kalla vekst mot bereevne og har ei s-forma vekstkurve. Veksten i populasjonen blir redusert når populasjonen nærmar seg bereevna til området.

Sykliske svingingar - finst hos artar som formerer seg raskt, og vekstkurva har form som ein M. Populasjonen bryt saman når bereevna i området er overskriden, og etter ei tid byggjer populasjonen seg opp att.

Læringsressursar

Populasjonsutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Genetisk forureining

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter