1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. PopulasjonsutviklingChevronRight
  5. Populasjonsutviklinga til menneskaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Populasjonsutviklinga til menneska

Menneska har i tidlegare tider vore underlagde dei same faktorane for populasjonsregulering som dei andre organismane på jorda. Etter kvart som menneska begynte å påverke sine eigne livsvilkår i stadig større grad, blei det mindre naturleg regulering av populasjonane.

Mexico City. Foto.
Mexico City

Jordas befolkning

For menneskepopulasjonane på jorda har det, i likskap med resten av dyreriket, vore balanse mellom formeringsevne og dødelegheit. Hungersnød, dårlege hygieniske forhold, sjukdommar og epidemiar, i tillegg til mangel på reint vatn og mat, har medført relativt stort fråfall av menneske allereie frå barneåra. Dette førte til at relativt få levde opp sjølv om kvar kvinne fødde mange barn.

Fortidsmennesker. Collage.
Menneskepopulasjonane blei i mange tusen år regulerte av naturmiljøet på same måte som dei øvrige organismane.

I nyare tid

I nyare tid av mennesket si historie har menneska lært seg å påverke viktige livsvilkår som mattilgang, hygiene, helse og sjukdomsnedkjemping gjennom utviklinga av jordbruk og fiskeri, teknologi, infrastruktur og medisinsk kunnskap. Dette har ført med seg ein betydeleg nedgang i dødelegheit og ei auke i levealder. Balansen mellom årlege fødselstal og dødstal har dermed blitt kraftig forskyvd, og resultatet har blitt ein kraftig befolkningsvekst.

Befolkningsutvikling

Aukinga i jordas folketal gjekk langsamt fram til slutten av 1700-talet då det begynte å stige med stadig større hastigheit. Etter 1950 har det vore ei ekstra kraftig auke i folketalet. Jordas befolkning var i 2017 7,55 milliardar ifølgje FN's sine berekningar og er berekna til å nå 11 milliardar før 2100. Dette er avhengig av ein gjennomsnittleg moderat vekst. Sjølv om veksten framleis er stor, har det i fleire tiår no vore ein avtakande årleg vekstrate. Dette skuldast at familieplanlegging og prevensjon har senka fødselstala i mange land. Dermed har det igjen blitt mindre forskjell på talet på fødde og døde per år i befolkninga.

Figuren over viser befolkningutvikling dei siste 200 åra og vidare utvikling etter 3 ulike alternativ.

Grafen under viser korleis den prosentvise vekstraten i befolkninga har utvikla seg frå 1960 og fram til 2016. Alt over 0 er vekst. Peik på grafen så får du opp tal for ulike år.


Figuren over viser at den prosentvise vekstraten i befolkninga har sokke frå 1960-talet og fram til i dag.

Store forskjellar

Det er store forskjellar i befolkningsutviklinga i ulike land og verdsdelar. Sterkast befolkningsvekst finn vi i dag i Afrika, mens Europa, Nord-Amerika og Russland opplever stagnasjon eller nedgang i folketalet. Dei store forskjellane har samanheng med forskjellar i både økonomisk utvikling og samfunnsforhold.

Figuren viser korleis befokningutviklinga er i ulike delar av verda.

Læringsressursar

Populasjonsutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Genetisk forureining

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter