Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystemChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Feltarbeid: Suksesjon og forureining i ein bekk

Ved feltarbeid i en bekk kan du studere hvordan livet i bekken forandrer seg over en strekning, og spesielt legge merke til endringer som skjer nedenfor et avløpsrør eller en grøft som renner ut i bekken.

Feltarbeid i ei lita elv. Foto.

Innleiing

Gutt og jente vurderer vannprøve i elv. Foto.
Vurdering av vassprøvar frå bekken

Med enkle målingar og observasjonar kan vi finne ut ein del om tilstanden til ein bekk, det vil seie kor forureina eller forsura bekken er, mellom anna frå:

  • lukta på vatnet
  • danning av skum på vatnet
  • korleis vatnet ser ut
  • korleis botnen ser ut, og korleis det gror
  • botndyr, samansetjinga av artane
  • utslepp, søppel og skrot i og ved vatnet
  • kor surt er vatnet, pH-verdien

For kvar av eigenskapane kan vi klassifisere frå 1 til 4:

  • Klasse 1 = lite forureina
  • Klasse 2 = moderat forureina
  • Klasse 3 = markert forureina
  • Klasse 4 = sterkt forureina

Utstyr

Grønne alger påsteiner i vannet. Foto.
Algevekst

Du treng: syltetøyglas, kvitt ark til å halde bak glaset, skjema og skrivesaker, stongsil, pinsett, lupe, kvit plastbakke, vassprøveflaske, oppslagsbøker eller hefte om dyr i vatn og vassdrag, klassifiseringsskjemaet, utstyr til å måle pH (på skulen).
Fotoapparat eller mobiltelefon med kamera er nyttig til å dokumentere funn.

Framgangsmåte

  1. Bekk med skum og raude steinar.
    Skumdanning og raudt belegg i botnen.
    Merk av på eit kart kvar undersøkingsstasjonane ligg.
  2. Beskriv området.
  3. Bruk skjemaet, og klassifiser kvar eigenskap i vassdraget.
    Fyll syltetøyglaset med vatn frå bekken. Lukt på vatnet.
  4. Hald papiret bak glaset, og vurder fargen på vatnet.
  5. Sjå om vatnet er uklart og har partiklar.
  6. Gå langs bekken og observer om det er skumdanning. NB! Skumdanning frå forureining dannar gjerne luftige, blåkvite eller brunaktige skumdottar. I fossar og stryk kan det dannast naturleg skum som er tett og brunkvitt.
  7. Fyll prøveflaska med vatn, og ta ho med til skulen for å måle pH der (kan òg gjerast med ein gong).
  8. Studer botnen i bekken, og sjå korleis steinar er tildekte (sjå skjemaet).
  9. Noter om det er søppel, skrot, utslepp av kloakk og liknande i og ved bekken.
  10. Fyll plastbakken med vatn.
  11. Rot med stongsilen i botnen av bekken der det er mogleg, og hell innhaldet over i plastbakken. La det stå roleg ei lita stund, og du vil sjå smådyra ta til å røre på seg.
  12. Vanninsekt
    Steinflugelarve
    Finn ut kva slags dyr det er. Det du ikkje klarer å bestemme, tek du med i glaset tilbake til skulen.
  13. Vurdering av endeleg forureiningsgrad: Finn gjennomsnittstalet for alle eigenskapane, men hald pH-målinga utanfor. Bruk skjemaet og grunngi korleis du vil klassifisere bekken på grunnlag av alle målingane og observasjonane. Foreslå forsuringsklasse ut frå pH-målinga.
  14. Samanlikn resultata frå ulike lokalitetar langs same vassdraget, og prøv å vurdere kva dei eventuelle forskjellane kan komme av.

Oppslagsverk

Jente tar vannprøve med glass i en bekk. Foto.
Vannprøve vert henta frå bekken.

Læringsressursar

Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystem

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Feltarbeid: Suksesjon på eit jorde som ligg brakk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Feltarbeid: Suksesjonsprosessar i vegskjering

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Feltarbeid: Suksesjon i skog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Oppslagsverk for feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.