1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystemChevronRight
  5. Feltarbeid: Suksesjon i skogChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Feltarbeid: Suksesjon i skog

I dette feltarbeidet skal de studere skog i ulike stadium av ein suksesjon. Kva kjenneteiknar skog i ulike aldrar, og kva vil skje med han vidare? Målet med arbeidet er at de skal forstå korleis suksesjon i skog føregår.

To jenter som studerer et tre. Foto.
Feltarbeid

Hensikt

Hensikta med feltarbeidet er å undersøkje vekstforholda (dei abiotiske faktorane) og vegetasjonen (biotiske faktorane) i skog i tre ulike stadium av ein suksesjon og sjå korleis skogen endrar seg undervegs i suksesjonsprosessen.

Få hjelp

De kan få hjelp av skogbrukssjef på landbrukskontoret i kommunen, ein skogeigar eller ein tilsett i den lokale skogeigarforeininga til å finne eit område med dei skogtypane de treng. Dei tre lokalitetane de skal undersøkje bør liggje i nærleiken av kvarandre og ha tilnærma dei same vekstforholda.

Teori

Omlag 40 % av Noregs landareal er dekt av skog. Det finst mange ulike typar skog der treslag og botnvegetasjon varierer. Både næringstilgang, vêr og klima påverkar kva for artar som veks, og korleis skogen utviklar seg gjennom suksesjonen, vil vere avhengig av vekstforholda på staden.

Nesten all skog i Noreg er påverka av mennske på eit eller anna vis gjennom beite, skogplanting, stell og hogst. Det er derfor vanskeleg å finne skog der naturleg suksesjon har pågått utan menneskeleg påverknad. I ein urskog vil eit ope område i skogen gradvis vekse til med ny skog. Først kjem pionerartane. Dei liker seg der det er mykje lys og god tilgang på næring. Pionerartane blir gjerne ikkje så gamle. Gradvis veks andre artar opp under pionerartane og tek over arealet. Dette er artar som ikkje har så rask vekst, men dei toler skugge. Desse klimaksartane kan bli gamle.

Granplante klar for planting. Foto.
Granplante klar for planting

I feltarbeidet skal de undersøkje skog i tre ulike fasar:

  • ei flate i skogen der det er 3–5 år sidan det blei hogd
  • eit område med ung skog der trea er i menneskehøgde eller litt større
  • eit område med gammal skog

På ein del hogstflater blir det planta ny skog. På denne måten får skogeigaren raskare i gang produksjon av nytt tømmer. Dersom det er planta på flata de undersøkjer, må de vise omsyn til dei små plantene!

Før de går i gang med feltarbeidet, bør de lese teori om suksesjon i skog og Ulike fasar i ein suksesjon .

De kan få hjelp av skogbrukssjef på landbrukskontoret i kommunen, ein skogeigar eller ein tilsett i den lokale Skogeigarforeininga til å finne eit område med dei lokalitetane de treng. Dei tre lokalitetane de skal undersøkje bør liggje i nærleiken av kvarandre og ha tilnærma dei same vekstforholda.

Sjikt

Vegetasjonen i skog kan delast i fire sjikt: tresjikt, busksjikt, feltsjikt og botnsjikt. Det vil variere kor mange av desse sjikta som er til stades. På biletet under er sjikta illustrerte.

Utstyr

Jente som leser i en bok. Foto.
Bruk av oppslagsverk.

Feltarbeidet krev svært lite utstyr. De treng:

  • flora
  • måleband eller tommestokk
  • notatsaker
  • kart over området
  • mobiltelefon eller kamera

    Tips: Det finst lux-meter, lysmålar som app til telefonen.

Rapport

Det skal skrivast ein rapport frå feltarbeidet. Ein rapport bør innehalde skisser, bilete, resultat av observasjonar, drøftingar og eventuelle konklusjonar.

Framgangsmåte

Før de dreg ut:
Ved hjelp av digitalt kart Kilden – en karttjeneste : Finn ut mest mogleg om skogområdet de skal til. Kva slags skogtype (markslag) er det på staden? Korleis er vekstforholda (boniteten)?

På kvar av dei tre lokalitetane skal de gjere desse undersøkingane:

  1. Vurder vekstforholda (dei abiotiske faktorane) på staden (vind, temperatur i jord og luft, fukt, jordsmonn og lys).
  2. Mål ut eit kvadrat på cirka 4 x 4 m og gjer ein ruteanalyse: Finn ut kva for planter som dominerer, kvar for planter det er ein del av, og kva for planter det berre er nokre få (éin eller to) av i ruta. D = dominant, V = vanleg og S = sjeldan.
  3. Kor mange sjikt (sjå teori) kan de dele vegetasjonen på lokaliteten inn i? Beskriv kva sjikt de finn, og kva for artar som veks i dei ulike sjikta.
  4. Er plantene på staden lyskrevjande eller skuggetolande? Er det pionerartar eller klimaksartar?
  5. Ser de nokon konsumentar, eller spor etter konsumentar?
  6. Ser de teikn til at menneske har påverka suksesjonen i skogen her på nokon måte? I tilfelle korleis?
  7. Kvar i suksesjonsprosessen er denne lokaliteten, og kva blir denne fasen i ein suksesjon kalla? Grunngi svaret.
  8. Korleis trur de skogen her vil utvikle seg vidare?

Nyttige oppslagsverktøy

Dyreliv i skog og mark
Floraen I (med nøkler)
Floraen II
Flora: Den virtuella floran (svensk)
Kilden – en karttjeneste

Suksesjon i skog

Diskuter og ta med i rapporten:

  • Er suksesjon i skog eksempel på ein primær- eller sekundærsuksesjon? Grunngi svaret.
  • Artsmangfaldet består av produsentar (planter), konsumentar (dyr) og nedbrytarar. I kva for eit av dei tre lokalitetane de har undersøkt trur de artsmangfaldet er størst? Grunngi svaret.

Biologisk mangfald i skog

Ifølgje artsdatabanken er det registrert nær 44 000 artar i Noreg. Truleg har vi oppdaga berre 75 % av artane. Det totale talet er berekna til å vere rundt 60 000 artar. 25 000 artar eller omlag halvparten av artane vi kjenner til, er knytte til skog.

Diskuter:

  • Kvifor er artsmangfaldet i skogen så stort?

Læringsressursar

Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystem

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Feltarbeid: Suksesjon på eit jorde som ligg brakk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Feltarbeid: Suksesjon og forureining i ein bekk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Feltarbeid: Suksesjonsprosessar i vegskjering

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Oppslagsverk for feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.