Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystemChevronRight
  5. Oppslagsverk for feltarbeidChevronRight
ExternalLearningResourceEksterne ressurser

Delt læringsressurs

Oppslagsverk for feltarbeid

Når vi skal setje namn på artar, treng vi tilgang til oppslagsverk. Skulen har kanskje slike bøker tilgjengeleg. Det finst også mange gode oppslagverk på nett.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
En ung kvinne ser på en plante i et forstørrelsesglass. Foto.
Artskunnskap

Artsdatabanken

Her finn du bilete, artsinformasjon og kart over utbreiing. Du kan også leggje inn eigne artsobservasjonar. Sidene er under utvikling, og det kjem stadig til nye artsgrupper.

Artsdatabanken – arter på nett

Fremmedartslista 2018

Artsorakel: Ein gratis app som eignar seg godt på mobiltelefonar. Artsdatabanken sitt Artsorakel prøver å artsbestemme dyr og plantar på bilete ved hjelp av maskinlæring. Artsorakelet kjenner berre att viltlevande artar..

Andre digitale oppslagsverk

Flora: Den virtuella floran (svensk)
Oppslagsverk om planter – naturfakta.no
Bunndyratlas
Oppslagsverk om dyr – naturfakta.no

Nasjonalbiblioteket

Dette er bøker som er skanna og ligg tilgjengeleg hos Det digitale nasjonalbiblioteket. Det er bilete av boka, og du kan bla i sidene:

Floraen I (med nøkler)
Floraen II
Norsk fargeflora (med nøkler)
Insekter i farger (med systematikk)
Dyreliv i skog og mark – den lavere fauna

Namn og artar

"Kjært barn har mange namn"

"Namnet skjemmer ingen" (kjende ordtak)

Artsnamnet kan fortelje om eigenskapar eller utsjånad hos arten. Ofte har artane lokale namn. Hestehov har fått namnet sitt av at blada liknar på hesten sin hov. Mange stader i landet blir hestehoven kalla for leirfivel sidan han gjerne veks der det er leire.

Du kan namnet på venene dine. Lær deg namnet på nokre nye artar og få deg nokre nye vener!

Sist oppdatert 10.11.2020
Tekst: Ragnhild Kjeldsen (CC BY-SA)

Læringsressursar

Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystem