Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystemChevronRight
  5. Bruk av digitale kart i feltarbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Bruk av digitale kart i feltarbeid

Vi kan finne mange opplysningar om naturen på ulike kart. Det finst fleire nettsider der vi har tilgang til gode, digitale kartverk. Når vi skal gjere eit feltarbeid, har vi nytte av å bruke kart. Her får du tips om nokre slike kart, og korleis du bruker dei.

Bruk av digitale kart i feltarbeid

Ulike kartverk

Det finst mange forskjellige typar kart. Topografiske kart viser landskapet og kor vi finn myrar, skog, dyrka mark, fjell, elvar og sjøar. I tillegg er element som vegar, stiar og bygningar teikna inn. Temakart finst i mange variantar. Slike kart kan brukast til å illustrere for eksempel kva naturtypar vi finn i eit område, eller kva for bergartar det er der. Vi kan ved hjelp av digitale temakart finne mange opplysningar om eit område før vi skal ut og gjere eit feltarbeid.

I filmane på denne sida blir bruken av nokre slike kartløysingar vist. Nettsidene har delvis endra utsjånad sidan filmen blei laga, men funksjonen er framleis den same.

Her kan du lese meir om Digitale verktøy i naturfag

Her kan du lese meir om kart og bruk av kart

Lenkjer:

Her er tips til nokre nettsider med digitale kart:

Kart i skolen

Kilden - en karttjeneste

Norges geologiske undersøkelse

Norgeskart

Naturbase

Norge i bilder

Kommunane har gjerne kartinnsynstenester på sine nettsider der du kan hente ut kart. Sjekk heimesida til kommunen der du skal ut på feltarbeid.

Læringsressursar

Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystem