Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystemChevronRight
  5. Feltarbeid: Suksesjonsprosessar i vegskjeringChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Feltarbeid: Suksesjonsprosessar i vegskjering

Dette feltarbeidet krev at de finn to nokså nye vegskjeringar. Nybygde område kan vere noko grisete i vått vêr, så støvlar kan vere eit godt tips. Og hugs: Sjå opp for trafikken!

Sau beiter langs en vei. Foto.

Formål

Formålet er å undersøkje eit plantesamfunn i ei ny vegskjering (eitt år gammal) og i ei litt eldre vegskjering (tre til fire år gammal) for å vurdere kvar dei er i suksesjonsprosessen.

Teori

På dyrka mark som blir liggjande brakk, vil det til å begynne med komme opp ei mengd eittårige planteartar, som linbendel og vassarve. Dette kallar vi eit pionersamfunn. Deretter kjem fleirårige plantar som balderbrå, åkerdylle, prestekrage og engkvein (grasart).

Etter kvart kjem lyskrevjande små buskar av lauvtre inn (osp, bjørk og or), dette blir ofte kalla lauvkratt. Mens lauvtrea veks opp, kjem òg små bartre opp i skogbotnen, og vi får ein blandingsskog. Etter kvart vil skogen bli stabil. Bartrea dominerer, og vi har fått eit såkalla klimakssamfunn.

Utstyr

Du treng: flora eller ark med bilete av plantar, blyant og papir.

Framgangsmåte

Den nye vegskjeringa

Studer plantelivet i skråninga på sida av vegen. Denne skråninga blei laga for eitt år sidan. Kva slags plantar finn du her?

Den eldre vegskjeringa

Studer plantelivet i den eldre vegskråninga. Denne skråninga har lege urørt i tre til fire år. Kva slags plantar finn du her?

Resultat og svar på spørsmål

  1. Kva slags plantar fann du i den nye vegskjeringa?
  2. Kva slags plantar fann du i den eldre vegskjeringa?
  3. Kan du seie noko om kvar desse jordvollane er i suksesjonsprosessen?
  4. Kva slags suksesjon har vi sett her?
  5. Korleis trur du jordvollane vil vere om ti år dersom dei ligg urørte?
  6. Teikn ein illustrasjon av dei ulike fasane i suksesjonen som kan komme her.
Nyanlagt veikant. Foto.

Læringsressursar

Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystem

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs