Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystemChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Feltarbeid: Suksesjon på eit jorde som ligg brakk

I mange delar av landet blir små, tungdrivne eller avsidesliggjande landbruksområde tekne ut av drift, eller jorde kan mellombels bli liggjande brakke. Kva hender med vegetasjonen på eit slikt areal dei første åra etter at aktiv drift er avslutta?

Tett vegetasjon av linbendel, tunbalderbrå og hønsegras. Foto.
Eittårige plantar

Formål

Formålet er å undersøkje plantesamfunnet i eit økosystem for å vurdere kvar det er i suksesjonsprosessen.

Teori

Attgrodd setervoll.foto.
Attgroing av setervoll

På dyrka mark som blir liggjande brakk, kjem det til å begynne med opp ei mengd eittårige planteartar, som linbendel og vassarve. Det kallar vi eit pionersamfunn.
Deretter kjem fleirårige plantar som balderbrå, åkerdylle, prestekrage og engkvein (grasart).

Etter kvart kjem lyskrevjande små buskar av lauvtre inn (osp, bjørk og or), dette blir ofte kalla lauvkratt. Mens lauvtrea veks opp, kjem små bartre òg opp i skogbotnen, og vi får ein blandingsskog. Etter kvart vil skogen bli stabil og dominert av bartrea, og vi har fått eit såkalla klimakssamfunn.

Ruteanalyse eller linjeanalyse

Når vi skal studere plantesamfunn, gjer vi ruteanalysar eller linjeanalysar. Ruteanalyse passar for å studere plantelivet i eit homogent plantesamfunn. Gjennom ruteanalysane får vi oversikt over kva for plantar som er representative for dette samfunnet, og kor dominerande dei einskilde artane er. Linjeanalyse passar å bruke når vi vil vise endringar i plantesamfunnet langs ein gradient av ein miljøfaktor.

  • I ruteanalysar kan vi bruke ruter på 1 m x 1 m som er tilfeldig plasserte i eit homogent samfunn.
  • I linjeanalysar måler vi opp ei linje gjennom området og studerer plantane som lever i ei rute på 1 m x 0,5 m på kvar side av linja, meter for meter. (På strekningar med lite variasjon kan vi gjere "hopp" langs linja.)
Ein mann registrerer plantar som veks innanfor ei rute på ein kvadratmeter.
Ruteanalyse

Planteartane skriv vi i eit skjema etter kvart som vi finn dei, og vi skriv opp kor mykje det er av dei i ruta.
Vi bruker denne inndelinga:
D = Dominant, det vil seie at det er mange av denne planten i ruta.
V = Vanleg, det er ein del av denne planten i ruta.
S = Sjeldan, det er berre nokre få av denne typen plante i ruta.

Utstyr

Du treng: måleband, flora, blyant og skjema for linjeanalyse (eventuelt plastposar til innsamling av plantar). Fotoapparat eller mobiltelefon med kamera er nyttig til å dokumentere funn.

Framgangsmåte

  1. Beskriv området.
  2. Gjer ein linjeanalyse frå ein stad på jordet og inn til skogen/heia. Fyll ut eit skjema som er lagt ved.
  3. Teikn ei skisse/teikning av linja du studerte, og prøv å markere kvar ulike plantar dominerer. Ta bilete av dei dominerande artane.
  4. Drøft og skriv ein konklusjon om suksesjonsprosessen vi ser i området.

Oppslagsverk

Ruteanalyse, lyng og lyngnøkkel

Læringsressursar

Feltarbeid – vi undersøkjer eit økosystem

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Feltarbeid: Suksesjon og forureining i ein bekk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Feltarbeid: Suksesjonsprosessar i vegskjering

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Feltarbeid: Suksesjon i skog

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Oppslagsverk for feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.