Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Klima: Ei framtid du ikkje vil haChevronRight
  5. KlimaendringarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Klimaendringar

Klimaendringar er den viktigaste utfordringa vi står overfor no. På denne sida har vi samla nyttig fagstoff og lenker til kjelder som handlar om klimaspørsmål.

To menneske som søkjer ly under same paraply under ei kraftig regnbye.

Frå FNs spesialrapport om klimaendringar og landareal:[1]

  • Menneska si utnytting av landjorda og ferskvatnressursar har vore større dei siste tiåra enn nokon gong tidlegare i historia. Dette har ført til auka klimagassutslepp, tap av økosystem og mindre naturmangfald.
  • Klimaendringar, inkludert meir og kraftigare ekstremvêr, gjer tilgangen på mat meir ustabil.
  • For å forsøke å avgrense oppvarminga til maksimalt 1,5 grader, kan vi blant anna:

    • plante meir skog
    • dyrke meir vekstar som kan brukast til bioenergi

    Vi må gjere dette på ein måte som ikkje øydelegg landområde for dei artane som lever der og moglegheitene for å produsere mat i områda. Vi kan også:

    • unngå å kaste mat (25-30 % av all mat som blir produsert for menneske, blir ikkje spist)
    • ete mindre kjøtt

Tips til eksterne lenker:

  1. 1«FNs klimapanels spesialrapport om klimaendringer og landarealer». FNs klimapanel. https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/arrangementer/miljodirektoratet_faktaark_srccl.pdf. Miljødirektoratet. 2019.

Læringsressursar

Klima: Ei framtid du ikkje vil ha