Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Klima: Ei framtid du ikkje vil haChevronRight
  5. Kjøtt eller vegetar – eitt feitt?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Kjøtt eller vegetar – eitt feitt?

Ved å halvere kjøttforbruket ditt kuttar du 350 kg CO2-einingar per år. Det gir ein betydeleg klimagevinst samtidig som det er bra for helsa di. Finst det vegetarprodukt som liknar så mykje på kjøtt at det er vanskeleg å merke forskjell, eller som smakar slik at kjøttelskarar vil velje vegetarretten?

To hamburgere, en av kjøtt og en vegetarburger. Foto.

Oppdrag

Finn ut om dei andre på skulen klarer å smake forskjell på kjøtt og vegetarprodukt.
Lag ein hypotese (eller ei problemstilling) og planlegg korleis du vil teste om hypotesen stemmer. De kan for eksempel rigge til ein stand i kantina og servere ein godbit til dei som vil svare på eit spørjeskjema.

Ung kvinne med handlekurv. Foto.
Tidsbruk og organisering: 4–6 timar
– fordel gjerne oppgåver for å spare tid

  • Planlegge forsøket og lage spørjeskjema: 1 t
  • Kjøpe inn matvarer og lage til desse: 1–2 timar
  • Gjennomføring av smakstest: 1 time
  • Etterarbeid: 1–2 timar

Førebuingar: 2–3 timar

Planlegg korleis de vil gjennomføre forsøket. Dersom de vil gjennomføre ein såkalla , må dei som gjennomfører testen, ikkje vite kva forsøkspersonen får.

Lag til to rettar som ser like ut

Kjøp inn matvarer og lag til vegetarretten og kjøttretten så lik som mogleg.
TIPS!
Vegetarkjøttdeig er godt eigna til samanlikning med vanleg kjøttdeig i for eksempel taco, på pizza og i pasta bolognese. Det finst også vegetarprodukt som liknar på kyllingfilet i utsjånad og konsistens. Når de er ferdige med å lage maten, bør det ikkje vere så lett å sjå forskjell på kjøttmaten og den vegetariske mat.

Gjer klar merkte smaksprøvar på førehand. Den som gjer klar maten, må passe på å ha oversikt over kva for smaksprøvar som er med kjøtt, og kva for nokre som ikkje er det.

Spørjeundersøking

Lag ei kort spørjeundersøking som forsøkspersonane skal svare på (SurveyMonkey, Google Skjemaer, EasyQuest). Aktuelle spørsmål kan vere:

  • Ei kvinne smaker på fleire typar mjølk. Foto.
    Smakstesting av mjølk – blindtest
    Kva for nummer er det på smaksprøva di? (NB! Viktig for å halde orden på kven som får kva.)
  • Kjønn ........... Elev/tilsett ..................................
  • På ein skala frå 1 til 6, kor godt likte du smaken?
  • På ein skala frå 1 til 6, kor godt likte du utsjånaden?
  • Trur du at du har fått eit kjøttprodukt eller eit vegetarprodukt?
  • Kor mange middagar med kjøtt et du per veke? (0–7)
  • Trur du at du kan klare å kjenne forskjell på om det er kjøtt eller ikkje?
  • Kunne du tenkje deg å ete mindre kjøtt?

Gjennomføring av smakstest: 1–2 timar

Plukk ut eit tilfeldig smakspanel eller arranger ein smakstest i kantina der frivillige får vere med. Ikkje gløym lærarar og andre tilsette! Forsøkspersonane smaker og svarer på spørjeundersøkinga. Ta bilete/film frå gjennomføringa, men spør om tillating frå dei som er med på biletet eller deltek i filmen.

Fire ungdommer smaker på flere typer rødbrus. Foto.
Smakstesting av julebrus

Etterarbeid: 1–2 timar

Lag grafiske framstillingar av resultata. Vurder om hypotesen stemde og drøft feilkjelder.

Produkt – fleire moglegheiter

  • Presenter resultata i ein vitskapleg rapport. Rapportgeneratoren er til god hjelp når du skal utarbeide rapporten.
  • For å få formidla resultata til eit breiare publikum kan det lagast infografikk ved å bruke rekneark eller nettstaden infogr.am (sjå figur til høgre).
  • Lag ei avisframside med sensasjonsprega overskrift (4 av 5 skuleelevar …!)
  • Del resultata dykkar på sosiale medium, skulen si heimeside, infoskjermar på skulen eller i ei lokalavis.
  • Lag eit TV-innslag om resultata de har komme fram til. Innslaget kan vere ein del av Klimasendinga eller Klimabloggen til klassen.

Vegen vidare

Undersøk om kantina på skulen tilbyr vegetariske alternativ. Føreslå i elevrådet at skulen skal ha ein kjøttfri dag.

Verktøy og ressursar du kan få bruk for i denne aktiviteten

Læringsressursar

Klima: Ei framtid du ikkje vil ha