Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Klima: Ei framtid du ikkje vil haChevronRight
  5. Klimablogg 2050ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Klimablogg 2050

Flere bloggere. Foto.

Du lever i 2050 i ei verd der ein har klart å setje i gang ei rekkje effektive tiltak for å minke den globale oppvarminga. Dette er gode nyheiter som du berre få delt med resten av verda på klimabloggen din!

Oppdrag

Ta utgangspunkt i brevet på s. 75 i rapporten En framtid du ikke vil ha. Som den samfunnsengasjerte bloggaren Sofie Lisa skal du lage eit blogginnlegg der du skriv ein ny og langt meir optimistisk versjon av brevet frå framtida. Du skal fortelje om kva tiltak som har vorte sette i gang for å minke den globale oppvarminga.

Tidsbruk

2 timer

Set i gang!

Finn ut kva tiltak som kan vere aktuelle for å motarbeide auka drivhuseffekt. Skriv tiltaka inn i ein ny versjon av brevet.

Få med korleis tiltaka har påverka liva til folk, og korleis kvardagen fortonar seg. I god blogg-tradisjon kan du presentere nokre produkt frå dei som sponsar bloggen din. Dette er sjølvsagt produkt av det klimavennlege slaget.

Produkt

Tekst, bilete og/eller video presentert i bloggform. Om du vil, kan bloggen publiserast eller postast i sosiale medium.

Vegen vidare

Om de har jobba med andre oppgåver knytte til «Fuck Fossils», kan de samle det de har laga, til eit felles produkt. Kanskje klassen sin «Klimablogg» kan publiserast på heimesida til skulen?

Læringsressursar

Klima: Ei framtid du ikkje vil ha

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter