Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Klima: Ei framtid du ikkje vil haChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Klima: Ei framtid du ikkje vil ha

Kortfilmen "Fuck fossils – en framtid du ikke vil ha" er en fiksjonsfilm rettet mot ungdom, der alt er basert på klimaforskning. Filmen handler om hvordan hverdagen til en vanlig familie i Norge vil kunne arte seg i år 2050. I filmen ser vi hvordan klimaendringene påvirker livet til familien

Kortfilmen «Fuck fossils – en framtid du ikke vil ha» er ein fiksjonsfilm retta mot ungdom, der alt er basert på klimaforsking. Filmen handlar om korleis kvardagen til ein vanleg familie i Noreg vil kunne arte seg i år 2050. I filmen ser vi korleis klimaendringane påverkar livet til familien.

Thomas Hayes, som speler William i TV-serien Skam, har ei av rollene i «Fuck fossils». I filmen møter vi ungdommar som lever i ei verd der den globale oppvarminga har auka med to grader, og vi får sjå kva konsekvensar dette har fått.

Er dette sant, og kven står bak?

Faktagrunnlaget i filmen er henta frå rapporten En framtid du ikke vil ha der Thomas Cottis har samla forskingsresultat om klimaendringar.

Til filmen er det utarbeidd bakgrunnsmateriale med faktafilmar, meir informasjon om filmen og forklaringar til det filmen handlar om. Filmen og bakgrunnsmaterialet er produsert av Snöball Film i samarbeid med Thomas Cottis.

Forskningsrådet har finansiert Fuck Fossils-prosjektet for å bidra til å spreie innhaldet i rapporten «En framtid du ikke vil ha». Filmen er kvalitetssikra av Steffen Kallbekken i CICERO Senter for klimaforskning. Les meir om bidragsytarar og engasjerte miljøorganisasjonar i pressemeldinga.

Oppgåver og aktivitetar

Ved å jobbe med nokre av dei mange oppgåvene og aktivitetane i dette emnet vil du bli meir medviten utfordringar knytte til klima og forbruksval.

Læringsressursar

Klima: Ei framtid du ikkje vil ha