Globale interessekonfliktar dreier seg ofte om situasjonar der ein er ueinige om korleis ein skal forvalte felles ressursar. Vel ein interessekonflikt som du set deg inn i. Vurder argument frå ulike partar opp mot kvarandre.
Vurder kvaliteten på argumentasjonen i debattinnlegga
Punkta under kan vere til hjelp når du skal vurdere debattinnlegga.
- Kva problem blir teke opp i innlegget?
- Kva er bakgrunnen til forfattaren? Påverkar dette truverdet til innhaldet?
- Har artikkelforfattaren eit klart standpunkt? Er vedkommande for, imot eller meir nyansert?
- Lag ei oversikt over argumenta forfattaren kjem med. Vurder argumenta. Er argumenta som dreier seg om fakta haldbare, relevante og sterke?
- Spelar forfattaren på kjenslene til deg som lesar? Blir det teke i bruk nokon argumentasjonsknep?
- Blir du som lesar overtydd? Forklar.
For ein grundigare analyse sjå på analyseskjema på norsksidene.
TIPS! Del det de finn ut. Bruk skulen si heimeside eller infoskjermane på skulen, klassen sin blogg eller gruppe på Facebook, eller presenter for kvarandre i klassen.
Læringsressursar
Globale interessekonfliktar
Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
Fagstoff
Interessekonfliktar
KjernestoffKva er eit godt argument?
KjernestoffLær deg argumentasjonsknepa
KjernestoffSamandrag – Globale interessekonflikter
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
- Kjernestoff
Undersøk ein global interessekonfliktDu er her
Ekstern læringsressurs
Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.