Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Globale interessekonfliktarChevronRight
  5. InteressekonfliktarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Interessekonfliktar

Ei interessekonflikt kan oppstå når ein har ulike meiningar om korleis ein skal bruke ein ressurs eller eit område. Konflikten kan dreie som om lokale forhold, eller han han oppstå på tvers av landegrenser.

Mann som hogger ned epletrær mens barn plukker epler. Grafikk.

Motstridande interesser mellom land og folk

Når det oppstår motstridande interesser mellom menneske som lever i ulike delar av verda, har vi det vi kallar ein global interessekonflikt. Nokon interessekonfliktar er lette å få auge på fordi dei skaper sterke reaksjonar hos partane, slik som i debatten mellom beitenæring og rovdyrforvalting kor temperaturen ofte er veldig høg. Vi må likvel ikkje gløyme dei sakene der det ikkje blir ropt så høgt, og der ein av partane ikkje har ei tydeleg stemme. Den stille parten kan vere dyr og planter, små barn og kommande generasjonar. Det er heller ikkje sikkert at situasjonen blir oppfatta som ei interessekonflikt der og då. Det kan vere fordi ein ikkje er klar over korleis ein blir påverka av det nokon andre gjer.

Gi alle ei stemme

Det er politikarane si oppgåve å ta avgjerder der fleire sider av ei sak blir vegne opp mot kvarandre. Lovverket kan til ei viss grad tale saka for dei utan ei stemme. Det kan for eksempel vere når det står mellom økonomiske interesser på den eine sida og ein trua planteart på den andre sida. Når konsekvensane av vala ikkje kjem i vår levetid, så viser det seg at det er lett å gå for ei løysing som gir kortsiktig økonomisk gevinst. Prisen er det kanskje nokon andre som må betale?

Stor sommerfugl flyr over en vei. Foto.

Når vi skal finne gode argument for og mot ei sak, er det viktig at vi også vurderer konsekvensar for dei som ikkje har ei stemme. Då får vi argument som er solide og famnar så breitt som mogleg. Alternativet er å berre argumentere ut ifrå vår eigen situasjon og våre eigne behov. Hugs at dei vala vi tek i dag, kan ha store konsekvensar for dei som kjem etter oss.

Diskuter

  1. Er dette interessekonfliktar?
    Kven er i så fall partane i konflikten?
    Korleis får ein fram saka til dei som ikkje har ei stemme?
    • byggje eit hus på ein leikeplass som ikkje lenger er i bruk
    • hogge skog for å produsere biodrivstoff
    • vinne ut olje i Lofoton
    • lage eit kart over eit område
    • kjøre opp skispor på bilvegen inn til hytta
    • bruke solceller for å produsere straum lokalt
    • kjøpe hagemøbler laga av trevirke frå regnskog
    • leggje ein veg gjennom eit område der ein sjeldan sommarfugl har leveområdet sitt
  2. Finn eksempel på aktuelle interessekonfliktar.
  3. Det finst ei rekkje organisasjonar som kan fremje saka til grupper som ikkje kan delta i samfunnsdebatten sjølv. Finn eksempel på organisasjonar som taler saka til desse gruppene:
    • barn
    • dyr og planter
    • kommande generasjonar

Læringsressursar

Globale interessekonfliktar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Rollespel – debatt: interessekonfliktar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Klimatoppmøte i skulen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Oljeutvinning i Lofoten – gruppediskusjon

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.