Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Globale interessekonfliktarChevronRight
  5. Kva er eit godt argument? ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er eit godt argument?

Litt flåsete kunne vi sagt at eit godt argument er eit argument som verkar. Men fullt så enkelt er det ikkje. Argumenta skal ikkje berre gjere inntrykk, dei skal også tole å bli vegne og granska.

Fire ungdommer roper til hverandre i hver sin megafon. Foto.

Haldbart – relevant – sterkt

I naturfag skal du "drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg". For å vurdere kvaliteten på argument kan vi spørje oss sjølv:

  • Er argumenta haldbare?
  • Er argumenta relevante?
  • Kor sterke er argumenta når det gjeld moglege motargument?
  • Er alle viktige sider ved saka belyste?

TIPS!

Les eksempelteksten Forby dyreforsøk! før du fortset. Vi bruker eksempel frå denne vidare i teksten.

1. Eit godt argument er haldbart

Med haldbarheit meiner vi at ein påstand er sann, eller at han verkar sannsynleg og rimeleg. I eksempelteksten kjem forfattaren med ei rekkje påstandar, som for eksempel:

Det finst ingen kontroll med dyreforsøk.

Det finst inga lov som vernar forsøksdyra mot misbruk.

Dei fleste lesarane har neppe tilstrekkelege kunnskapar til å vurdere om desse påstandane er sanne. Dei kan velje å stole på forfattaren, men strengt teke bør dei undersøkje om dei faktisk stemmer, uansett om dei deler forfattaren sitt syn eller ikkje.

2. Eit godt argument er relevant

Vi må også kontrollere at forfattaren held seg til saka. Alle argument og premissar må vere relevante, det vil seie at dei må ha betydning for spørsmålet ein tek opp:

Er det relevant for saka at dyr blir utsette for smerte, og at dei blir drepne?

Er det relevant at dei fleste dyreforsøk gjeld kosmetikk, reingjeringsmiddel og liknande?

Kvifor er det i så fall relevant?

Det er ikkje forfattaren aleine som bestemmer om eit argument er relevant. Hen må også overtyde lesaren om at argumentet har betydning for saka.

3. Eit godt argument er sterkt

Vi må også vurdere om argumenta til forfattaren er sterke nok overfor moglege motargument. Ein person som forsvarer dyretesting, kan for eksempel komme med eit motargument som dette:

Bioteknologiforskinga gjer stadig framsteg. Forskarane kan no teste nye legemiddel på stamceller i laboratoriet og fjerne dei som har alvorlege biverknader allereie før dei blir prøvde ut på dyr og menneske. Slik blir risikoen for skader og lidingar hos forsøksdyra minska (og hos menneske som prøver ut medisinene).

Eit slikt faktaargument kan for eksempel svekke påstanden "Millionar på millionar av dyr blir [...] utsette for dei mest pinefulle forsøk".

Heilskapen

Argumentasjonen i ein tekst kan vere utfyllande eller avgrensa, balansert eller einsidig. I eit debattinnlegg skal forfattaren innta eit klart standpunkt og fatte seg kort, og derfor må hen konsentrere seg om nokre få, sterke argument som støttar opp om dette standpunktet. I debattartiklar blir det også argumentert for eit bestemt syn, men her er det rom for fleire argument og større utdjuping. I drøftingsoppgåver i skulen er det krav til at vi skal presentere relevante argument både for og imot ei sak, vege og vurdere dei og så komme fram til ein konklusjon. Som vi ser, er det avhengig av sjangeren kor balansert og omfattande argumentasjon som blir kravd.

Læringsressursar

Globale interessekonfliktar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Rollespel – debatt: interessekonfliktar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Klimatoppmøte i skulen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Oljeutvinning i Lofoten – gruppediskusjon

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.