1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Globale interessekonfliktarChevronRight
  5. Lær deg argumentasjonsknepaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lær deg argumentasjonsknepa

Når du skal vurdere kvaliteten på argument, så er det nyttig å kjenne til nokre vanlege argumentasjonsknep. Hvis du oppdagar at nokon bruker desse, kan det vere lurt å vere på vakt. Kanskje vedkommande begynner å gå tom for gode argument?

Den republikanske presidentkandidaten Donald Trump holder tale under et valgkamparrangement i Charlotte, Nord-Carolina, oktober 2016. Foto.

Fleirtalsknepet

Her spelar ein på at dei fleste ønskjer å tilhøyre fleirtalet; ein vil ikkje skilje seg ut.

"No er vi det einaste landet i Europa som ikkje har klart å redusere CO2-utsleppa våre."

"Eg trur alle som er her i dag, er einige i at det er viktig at vi har nok læreplassar."


Bruk av autoritetar eller ekspertar

Viss ein ikkje har spesielt god kunnskap om eit saksområde sjølv, kan ein "låne" truverd frå ekspertar på feltet. Med ein lang og vanskeleg tittel verkar utsegn frå ekspertar endå meir truverdige. Eller?

"Ifølgje ein ny forskingsrapport har Vestlandet dei dårlegaste vegane i landet."

"Det beste eg kan anbefale til frukost er havregraut", seier autorisert klinisk ernæringsfysiolog B. Rød-Hansen.

Generelle eller uforpliktande formuleringar

Når ein ikkje har noko konkret å vise til, kan det vere ein strategi å seie noko som er veldig generelt som ingen er ueinige i. Viss ein i tillegg er uklar om når dette skal gjelde og kven som har ansvaret, så har ein lukkast i å lage ei generell og uforpliktande formulering.

"I tida framover skal vi jobbe for å få til eit best mogleg helsetilbod til alle innbyggjarane i kommunen."

"Vi skal ha ein skule utan mobbing."


Utskjelling

Viss nokon begynner å argumentere ved å skjelle ut andre, så er dette eit sikkert teikn på at ein har sleppt opp for gode argument.

"Det er noko av det dummaste eg har høyrt. Og eg har høyrt mykje!"

Fordommar og mistenkeleggjering

Fordommar kan vere haldningar til ein person eller ei gruppe, som ofte er baserte på mangelfull kunnskap. Ein har kanskje høyrt eller sett noko fleire gonger og overfører dette til å gjelde generelt.

"Nordlendingar er omgjengelege og bannar mykje når dei snakkar."

"Asylsøkjarar kjem til Noreg for å utnytte systemet."

"Dei som køyrer el-bil gjer det berre for å vise andre kor miljøvennlege dei er."

Tåkeprat

Nokre menneske uttrykkjer seg med vilje så vanskeleg som mogleg fordi dei veit at mange lèt seg imponere eller skremme av lange setningar krydra med framandord og faguttrykk. Andre kan bruke fine ord for å pakke inn ein lite hyggeleg bodskap, eller for å uttrykkje seg så vagt og uforpliktande som mogleg.

«For konstruktive prosessar i etterkant av skulevurderinga blir det anbefalt at skulen differensierer og tilpasser framlegginga av resultata i basisanalysen i tråd med anbefalingane, innhaldet og modellane for den snarlege oppfølginga av skulen.»

Ironi

Ironi betyr å seie det motsette av det ein meiner. Den som bruker ironi, signaliserer overfor mottakaren: "Viss du forstår kva eg eigentleg vil seie, er du lur, og vi har noko felles!". Slik skaper ironien eit fellesskap mellom sendar og mottakar. Den eller dei som ironien går ut over, blir derimot utestengde frå dette fellesskapet.

"Det synest eg er ein god idé! La oss berre gi bort alle pengane våre til utanlandske selskap."

Læringsressursar

Globale interessekonfliktar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Rollespel – debatt: interessekonfliktar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Klimatoppmøte i skulen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Oljeutvinning i Lofoten – gruppediskusjon

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.