Dette undervisningsopplegget er organisert som eit rollespel der mange aktørar legg fram argumenta sine i eit folkemøte. Opplegget er brukt på Vg1 naturfag med elevar frå naturbruk, men kan tilpassast andre trinn og fag.

Organisering
Vel tema som de har eit forhold til, som er aktuelle i media, og gjerne tema som skaper debatt lokalt. Førebu debatten ved å lese og samle avisutklipp og nettartiklar som kan belyse sakene og rollene.
Eksempel på tema som er brukte i dette rollespelet
- Villaks – oppdrettslaks
- Rovdyr – beitedyr
- Utbygging av Trongfossen

Roller
Når tema er valt, kan elevar og lærar i fellesskap føreslå roller som er aktuelle meiningsberarar i denne saka. Skriv rollene inn i skjemaet som blir vist på storskjerm. Nå kan du ønskje deg ei rolle som du vil ha i denne debatten. Når alle har fått rollene sine, kan førebuingane starte.
Førebuingar og gjennomføring
Rollene kan fordelast nokre dagar før sjølve debatten, men 30 minutt fra byrjinga av ein dobbelttime kan også vere nok til at alle får førebudd seg. Om tema er kjent på førehand, kan læraren og eventuelt bibliotekar samle avisutklipp og leite fram aktuelle artiklar på Internett, som kan brukast til førebuinga.
- Ordstyrar skal førebu innleiing til debatten, styre debatten og avslutte med ei oppsummering.
- Du må setje deg inn i kva meiningar og argument rollefiguren din står for, og førebu eit innlegg. Du må halde deg til den rolla under heile debatten, og bidra med saklege argument.
- Plasser borda i ring og fest store ark med rollene påskrivne framfor kvar deltakar, slik at rollene er synlege for alle.
- Læraren er observatør og tek notat frå debatten.

Erfaringar frå gjennomført debatt
Dette opplegget vart gjennomført i naturfagtimar på Vg1 ved Grong vidaregåande skule hausten 2014 med elevar frå naturbruk og landslinja i sportsfiske.
Elevane imponerte! For læraren var det fascinerande, underhaldande og lærerikt å sitje på sidelinja og følgje med på innleving og argumentasjon. Enkelte elevar gjekk så grundig inn i rolla at dei til og med la om dialekten. Engasjementet var så stort at det var overflødig å bytte tema i dobbelttimen. Elevane meinte sjølve at dette var svært lærerikt, så vi gjentok opplegget med nytt tema og nye roller seinare.
Evaluering
Både klasse og enkeltelevar på Grong fekk munnleg tilbakemelding etter debatten.

Læringsressursar
Globale interessekonfliktar
Fagstoff
Interessekonfliktar
KjernestoffKva er eit godt argument?
KjernestoffLær deg argumentasjonsknepa
KjernestoffSamandrag – Globale interessekonflikter
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Undersøk ein global interessekonflikt
Kjernestoff- Tilleggsstoff
Rollespel – debatt: interessekonfliktarDu er her
Tilleggsstoff
Ekstern læringsressurs
Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.