Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. ForbrukChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Det økologiske fotavtrykket mitt

Berekn det økologiske fotavtrykket ditt og diskuter med andre korleis du kan redusere det. Legg ein plan for deg sjølv, og del det du kjem fram til.

Ungdommer sitter på golvet med en stor plakat foran seg. Foto.

Førearbeid

  • Tenk – Kva for faktorar påverkar det økologiske fotavtrykket ditt? Lag eit tankekart.
  • Par – Vis tankekartet ditt til ein annan. Finn likskapar og forskjellar.
  • Del – Diskuter i klassen. Korleis kan vi redusere det økologiske fotavtrykket vårt?

Ta testen!

Finn ut kva som bidreg mest til det økologiske fotavtrykket ditt ved å svare på spørsmål om forbruket ditt av varer og tenester i testen "Se ditt fotavtrykk" på footprint.ducky.eco".

Mitt fotavtrykk

  1. Kvifor må du oppgi den samla inntekta til hushaldet, trur du?
  2. Undersøk kva som ligg i kategorien "Offentleg".
  3. På kva for område har du eit høgare forbruk enn gjennomsnittet?
  4. På kva for område vil det monne mest at du reduserer?
  5. Å reise med fly bidreg til 0,28 kg per kilometer per passasjer per år. Finn ut kor du kan fly, viss heile forbruket ditt bestod av å reise med fly.

Dette vil eg gjere!

  1. Ta utgangspunkt i den kategorien der du har størst bidrag. Prøv deg fram i kalkulatoren ved for eksempel å endre på
    • kor mykje kjøtt du et
    • kor ofte du reparerer øydelagde ting
    • kor ofte du reiser med fly
  2. Finn ut kva som har størst innverknad på det økologiske fotavtrykket ditt.
  3. Vel ut 1–2 tiltak du kan gjere for å redusere bidraga dine til utslepp. Formuler eit mål som både er realistisk og konkret, for eksempel: "Eg skal gå til skulen kvar dag." Ta også med kor mykje tiltaket ditt vil redusere fotavtrykket. Viss du reknar om reduksjonen frå talet på kg CO2e til for eksempel flyreiser, så er det lettare å skjøne kor stor reduksjonen er.
  4. Lag ein digital plakat med målet ditt eller ei oppfordring til andre. Du kan lage plakaten med programvare på PCen din eller på nettet. Her er eksempel på plakatar laga med verktøya Canva og Fotor:
Kollasj av plakater om økologisk fotavtrykk. Foto.

Klassen kan lage ei utstilling av plakatar på skulen, eller dele plakatane i sosiale medium og på skolen sine infoskjermar.

Forslag til vidare arbeid

  • Få tips til fleire tiltak på Miljø i hverdagen - Naturvernforbundet hos Naturvernforbundet.
  • Lag ein reklame/reklamefilm der du forsøkjer å overtyde andre om å redusere det økologiske fotavtrykket ditt. Ta utgangspunkt i nokre få konkrete tiltak. Forsøk å kople sentrale faguttrykk (berekraftig utvikling, økologisk fotavtrykk, forbruk, ressursar) til reklamen.
  • Samle resultata frå heile klassen i eit delt rekneark. Gjer statistiske berekningar og lag grafiske framstillingar av datamaterialet.
  • Kjøtt eller vegetar – ett fett?. Finst det vegetarprodukt som liknar så mykje på kjøtt at det er vanskeleg å merke forskjell, eller som smakar slik at kjøttelskarar vil velje vegetarretten?
  • Best i test!. Du jobbar med å lage forbrukarstoff for ein kjend TV-kanal, ei avis eller ein blogg. Lag ein reportasje der du samanliknar fleire produkt frå same varegruppe på bakgrunn av ei rekkje berekraft-kriterium.

Læringsressursar

Forbruk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bromerte flammehemmarar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Dioksin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    PCB

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter