Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. ForbrukChevronRight
  5. Samandrag – ForbrukChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Forbruk

Butikkreol med truede dyrearter til salgs. Grafikk.

Samandrag

  • Forbruket vårt påverkar miljøet på mange måtar, men det kan ofte vere vanskeleg å sjå samanhengen mellom forbruk og miljø.
  • Mange land har som mål å auke forbruksveksten fordi dette gir auka verdiskaping og auka brutto nasjonalprodukt. Spørsmålet er om eit slikt mål er berekraftig viss alle land i verda tenkjer slik.
  • Brutto nasjonal lykke er eit alternativt mål på kor bra innbyggjarane i eit land har det. God fysisk form, tilgang til natur og sosialt nettverk blir vektlagt.
  • 60–80 % av miljøpåverknaden kjem frå privat forbruk.
  • Når vi skal avgjere miljøpåverknaden til eit produkt, må vi sjå på heile "livsløpet" til produktet, frå råstoff til produktet blir brukt til noko anna.
  • Avfallspyramiden viser kva vi må prioritere høgast for å få ein mest mogleg berekraftig bruk av ressursane.
  • Økologisk fotavtrykk gir eit bilete av kor mykje ressursar kvar enkelt av oss forbruker for at vi skal kunne leve slik vi gjer.
  • Earth Overshoot Day angir den datoen då befolkninga på jorda har brukt opp naturressursane som jorda klarer å skape på nytt det året.
  • Du kan bruke den makta du har som forbrukar, til å påverke kva slags varer og tenester som blir selde.
  • For at det skal vere lettare for oss som forbrukarar å velje dei mest berekraftige varene, er det utvikla ei rekkje merke og merkeordningar.

Læringsressursar

Forbruk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bromerte flammehemmarar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Dioksin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    PCB

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter