Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. ForbrukChevronRight
  5. Sweatshop – dødeleg moteChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Sweatshop – dødeleg mote

Serien Sweatshop handlar om skandinaviske ungdommar som jobbar i ein tekstilfabrikk i Kambodsja, for å få eit innblikk i arbeidsforholda der. Denne episoden er frå sesong 2 der ungdommane kjem attende for å sjå om forholda ved fabrikkane har endra seg.

  1. FNs bærekraftsmål nr. 12 handlar om "Ansvarleg forbruk og produksjon". Finn ut kva som ligg i dette. Er dette eit mål som er aktuelt i Noreg også? Diskuter.
  2. Gi eksempel frå filmen på produksjon som ikkje er ansvarleg. Kva har dette med berekraftig utvikling å gjere?
  3. Kva gjer dei skandinaviske ungdommane for å få merksemd rundt dårlege arbeidsforhold i tekstilfabrikkar?
  4. Korleis kan du bruke forbrukarmakta di for å bidra til levelønn for tekstilarbeidarar i land som for eksempel Kambodsja?
  5. Diskuter påstanden: "Det er fattige tekstilarbeidarar i andre land som betaler prisen for at vi i Noreg kan kjøpe billige klede."
  6. Kunne du tenkje deg å betale meir for eit klesplagg viss du visste at det var produsert "rettferdig"?
  7. Figur som viser at bærekraftig utvikling handler om miljø, sosiale forhold og økonomi. Grafikk.
    Ta utgangspunkt i figuren og finn sider ved tekstilindustrien som rører ved berekraftig utvikling.
  8. Den grøne grafen viser konsumprisindeks for klede i perioden 1979 til 2017. Den raude grafen viser verdien av varer Noreg importerte frå Kina i perioden 1988–2016. Beskriv korleis prisane på klede har endra seg i denne perioden. Samanlikn prisutviklinga med handelen med Kina. Kommenter.

Jobb vidare med dette temaet

  • Lag ei oversikt over merkeordningar som finst for rettferdige og miljøvennlege tekstilar.
  • Lag ei oversikt over kleskjeder du kjenner til. Finn ut kva for nokon som kan garantere for at deira produkt blir produsert på ein ansvarleg måte.
  • Undersøk miljømessige konsekvensar av tekstilindustrien.
Tekstilfabrikken

Læringsressursar

Forbruk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bromerte flammehemmarar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Dioksin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    PCB

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter