Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. ForbrukChevronRight
  5. Er berekraftig forbruk mogleg?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Er berekraftig forbruk mogleg?

Norske styresmakter har som mål at utviklinga i Noreg skal vere berekraftig. På same tid blir det hevda at vi må ha auka forbruk for å «halde hjula i gang». Er dét mogleg å kombinere med berekraftig forbruk?

Diskuter!

  1. I filmen prøver Live å redusere forbruket sitt. Gi eksempel på ulike ting ho prøver ut.
  2. Kvifor forsøker Live å redusere forbruket sitt, trur du?
  3. Viss du skulle velje deg eitt tiltak frå filmen, kva ville du prøve då? Grunngi svaret ditt.
  4. Har du andre forslag til kva ein kan gjere for å få ned forbruket sitt?

Stadig forbruksvekst?

Grafisk framstilling som viser utviklingen av forbruket til norske husholdninger. Grafikk.
Norske hushald sitt forbruk som indeks i perioden 2001–2016, samanlikna med forbruket i 2005 (indeks er 100 i basisåret 2005).

Figuren viser at forbruket i Noreg har auka nokså jamt i perioden 2001–2016. I tillegg kjem grensehandel og handel i utanlandske nettbutikkar. Når vi veit at mellom 60 og 80 % av miljøpåverkinga vår kjem frå privat forbruk, må dette med i vurderinga, viss vi skal oppnå ei berekraftig utvikling. Sjølv om det kan vere lett å skyve ansvaret over på styresmakter og politikarar, er det mykje vi kan gjere sjølv: Vi bestemmer sjølv kva vi skal kjøpe (og kaste).

Både produksjon og forbruk tel

Ansvarlig forbruk og produksjon er FNs bærekraftsmål nummer 12. Grafikk.

FNs berekraftsmål nr. 12 handlar om berekraftige produksjons- og forbruksmønster. Det kan for eksempel bety at vi bruker så lite energi som mogleg, og at det vi bruker, kjem frå fornybare energikjelder. Effektiv bruk av naturressursar og ein produksjon som ikkje påverkar miljøet negativt, er andre faktorar.

Nokre produkt krev mykje vatn når dei blir produserte. Sjølv om vatn ikkje er ein avgrensa ressurs i Noreg, så er det det i mange andre delar av verda. Varer bør transporterast over så korte avstandar som mogleg og ved bruk av energikjelder som ikkje fører til auka klimagassutslepp. I tillegg må dei som lagar produkta, ha gode arbeidsforhold, lønningar som er til å leve av, og gode velferdsordningar.

Læringsressursar

Forbruk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bromerte flammehemmarar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Dioksin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    PCB

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter