Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. ForbrukChevronRight
  5. Økologisk fotavtrykkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Økologisk fotavtrykk

For å oppnå eit meir berekraftig forbruk kan du berekne det som blir kalla økologisk fotavtrykk. Bruk ein klimakalkulator for å få ei oversikt over kva del av forbruket ditt som bidreg til størst klimagassutslepp, og finn ut kvar ei endring har størst effekt.

Økologisk fotavtrykk – kor stor del bruker du?

Økologisk fotavtrykk er eit uttrykk for kor mykje vi belastar jorda sine økosystem for å oppretthalde levestandarden vår. Dette blir uttrykt som areal. Gjennom forbruket vårt legg vi beslag på areal i mange land.

Verdenkart som viser landenes økologisk fotavtrykk. Grafikk.
Økologisk fotavtrykk målt som forbruket til ein gjennomsnittleg innbyggjar i kvart einskilt land. Eit berekraftig forbruk ligg på 1,7 hektar. 1 hektar er omtrent like stort som området innanfor løpebana på ei friidrettsbane.

Det økologiske fotavtrykket ditt fortel kor stort produktivt areal av land og sjø som trengst for å

  • produsere det du forbruker av mat, tekstilfiber, trevyrke og mange andre produkt
  • absorbere avfall og utslepp frå forbruket ditt
Det økologiske fotavtrykket ditt er summen av mange små areal som er spreidde over heile verda. Dette er areal som går med til å dyrke den maten du bruker.

Produksjon av kjøt krev større areal enn produksjon av korn, og mykje av den maten vi et, er dyrka i utlandet.

Det økologiske fotavtrykket kan også bli uttrykt som . I denne metoden blir alt forbruket rekna om til kor mykje CO2-utslepp det bidreg til.

Skjermdump av klimakalkulator. Foto.

Finn ut!

Kva er det økologiske fotavtrykket ditt?

Ta testen her:

Ducky – beregn ditt økologiske fotavtrykk

Earth Overshoot Day – dagen vi overskrid budsjettet for jorda

Organisasjonen Global Footprint Network bereknar kvart år «Earth Overshoot Day». Dette er den dagen i året då landa i verda har brukt opp alle ressursane som jorda klarer å attskape det året. Resten av året er det overforbruk av naturressursar: vatn, fisk, skog og mineral. I 2017 kom denne datoen 2. august, mens han i ei berekraftig verd skulle ha vore 31. desember. I 1971 var «World Overshoot Day» 21. desember. Alle år sidan har dagen komme tidlegare og tidlegare.

Hender holder opp en stor kalender. Foto.
Dato for «Earth Overshoot Day» kjem stadig tidlegare. Klarer vi å snu trenden, eller kjem vi til å bruke opp vår del av ressursane endå tidlegare i framtida?

Grønn jordkolde der mennesker former et stort fotavtrykk. Grafikk.
Finn ut!

På kva dato når vi «World Overshoot Day» om alle i verda har det same forbruket som deg?

Ta testen på What is your ecological footprint?

Læringsressursar

Forbruk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bromerte flammehemmarar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Dioksin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    PCB

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter