Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. ForbrukChevronRight
  5. Forbruk og berekraftChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forbruk og berekraft

Forbruket vårt påverkar miljøet på mange måtar, men det kan vere vanskeleg å sjå saman-hengen mellom det vi kjøper, klimaendringar, avskoging og utarming av mineralressursar.

Ta utgangspunkt i filmen over og diskuter

  1. Kvifor kan regnskogvern vere eit godt tiltak for å redusere auka drivhuseffekt?
  2. Kva er samanhengen mellom kjøttproduksjon og regnskog, slik det kjem fram i filmen? Kvifor blir det hevda i filmen at norsk kjøtt ikkje bidreg til hogst av regnskog?
  3. Kvifor blir regnskogen øydelagd til tross for at hogsten av regnskog har minka? Kvifor heng dette saman med forbruket vårt i Noreg?
  4. Kva kan vere problemet med forbruk og produksjon når vi kjøper varer som blir produserte langt unna?
  5. "Forbrukarane treng informasjon om produkta dei kjøper." Korleis kan vi få denne informasjonen?
  6. Finst det forbruk som ikkje bidreg til auka klimagassutslepp?
  7. Nokon kan oppleve ei lykkekjensle når dei kjøper noko nytt. Kan shopping gjere deg lykkeleg?

Bruttonasjonalprodukt – mål på velferd?

Bruttonasjonalprodukt (BNP) er eit mål på den totale verdien av det som blir produsert av varer og tenester i eit land. Viss BNP per innbyggjar aukar i ein periode, seier vi at vi har økonomisk vekst; verdiskapinga aukar. For at dette skal kunne skje, må det kjøpast fleire varer og tenester – forbruket må auke.

Graf som viser ekspoentiell vekst. Grafikk.
Er det mogleg med eksponentiell vekst i det uendelege?

BNP blir også knytt til velferd, og det blir ofte brukt som eitt av fleire mål på kor bra innbyggjarane i eit land har det. Dei fleste land har som mål at BNP skal auke fordi ein meiner at dette vil sikre gode levevilkår og velstand. Etter kvart som merksemda rundt berekraftig utvikling har blitt større, har fleire stilt spørsmålsteikn ved kor berekraftig det er viss alle land i verda har eit mål om økonomisk vekst, og gjerne auka økonomisk vekst. Det vil seie at veksten i seg sjølv også skal auke. Dette kjenner vi som ukontrollert vekst eller eksponentiell vekst. Er dette fysisk mogleg?

Verdas lykkelegaste land – er ikkje pengar alt?

Mann som klamrer seg til pengene sine og mann som slapper av i en eng. Tegning.

Noreg har i dei siste åra komme høgt opp på rangeringar over kva land innbyggjarane er mest lykkelege i. I World Happiness Report frå 2017 kjem Noreg på 1. plass. USA opplevde økonomisk vekst i perioden undersøkinga blei gjennomført, men fall på rangeringa. Kina har hatt økonomisk vekst i 25 år. Trass i dette er Kina på 79. plass.

Som eit motsvar til einsidig fokus på økonomisk vekst som mål for eit land har det blitt utvikla eit omgrep som blir kalla «brutto nasjonal lykke». I landet Bhutan har dei brukt dette som eit mål på framgangen i landet sidan 1971. Her blir det lagt vekt på at innbyggjarane skal vere i god fysisk form, ha eit sosialt nettverk og ha tilgang til natur.

Læringsressursar

Forbruk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bromerte flammehemmarar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Dioksin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    PCB

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter