1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Suksesjonar – økosystema i endringChevronRight
  5. InfusoriekulturChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Infusoriekultur

I ein infusoriekultur observerer vi korleis bakteriar, flimmerdyr og andre mikroorganismar veks og utviklar seg i eit lite, lukka miljø over tid. Du får innblikk i ei spennande mikroverd og ser korleis bakteriar bryt ned organisk materiale og så blir næringsgrunnlag for andre organismar.

I denne kulturen dukka det plutseleg opp børstemark som var fleire millimeter lange.

Kva er ein infusoriekultur?

”Infusoriar” er eit fellesnamn på flimmerdyr (ciliatar) som lever i vatn. Ein ”infusoriekultur” er eit medium rikt på næring og bakteriar der infusoriane kan leve og formeire seg. I ein infusoriekultur vil det òg dukke opp mange andre grupper organismar enn flimmerdyr, for eksempel flagellatar, augealgar, markar og hjuldyr.

Utstyr

  • Mikroskopbilde.
    Livet i ein infusoriekultur.
    to glasbehaldarar (volum ca. 2 liter)
  • lysmikroskop og mikroskoperingsutstyr
  • videomikroskop (viss mogleg)
  • momiltelefon med kamera
  • digitalt kamera på mikroskop (viss mogleg)
  • pipettar
  • ferskvatn frå dam, pytt eller tjørn
  • visna gras
  • potet eller eple
  • lyskjelde med tidsur

Oppstart av kulturane

To store glasskar, et med lyst og et med brunt innhold.
To forskjellige infusoriekulturar, kultur A til venstre, kultur B til høgre.

For å kunne samanlikne utviklinga av mikrolivet i ulike miljø er det lurt å starte to kulturar parallelt (men det er fullt mogleg berre å bruke éin kultur). La dei to kulturane stå i lyset frå eit vindauge eller frå ei lampe som gir lys på kulturen halve døgnet styrt av tidsur. Ved å plassere kulturane i avtrekksskap kan du unngå ubehageleg lukt.

Kultur A

Fyll ein av behaldarane cirka ¾ full med springvatn. Tilset ein halv potet (ca. 50 gram) utan skal, oppskoren i terningar.

Kultur B

Mikroorganismar. Foto.
Amøbar

Fyll ein av behaldarane cirka halvfull med springvatn. Tilset cirka 500 ml vatn frå ein dam eller ei tjørn og ein bunt med visna gras. Vatnet vil etter kvart fordampe, etterfyll då med springvatn. Pass på at kulturane ikkje blir rørte om eller flytta. Vanlegvis kan ein halde liv i ein infusoriekultur i eit par månader før han må nystartast.

Observasjonar og loggføring

Observer kulturane med jamne mellomrom, for eksempel ein gong kvar eller annakvar veke:

  • Legg merke til korleis miljøet i kulturane ser ut, og korleis kulturane luktar.
  • Ta prøvar frå kulturane med pipettar, lag preparat med objekt- og dekkglas, og sjå på desse i mikroskop, aller best ser du gjennom videomikroskop. Ofte finn du mest liv i prøvar som blir tekne ved overflata.
  • Planteplankton, avlang og grøn. Foto.
    Kieselalge
    Ver nøyaktig og reinsleg, og pass på at du ikkje blandar pipettane og anna utstyr slik at du overfører vatn frå den eine kulturen til den andre.
  • Før ein nøyaktig logg over observasjonane der du tek med dato, talet på dagar sidan oppstart, kva slags organismar du observerte i kulturane, kva organismar som dominerer, og kva som har endra seg sidan førre gongen du observerte.
  • Ta bilde med mobilkamera gjennom mikroskopet eller teikn skisser. Loggen, teikningane og bileta får du bruk for når du skal skrive rapporten frå forsøket.

Kva kan du forvente å sjå i kulturane?

To elever bruker mikroskop til observasjoner.
Elevar studerer livet i en infusoriekultur ved hjelp av mikroskop.

Det er fascinerande å observere kor mangfaldig livet i ein infusoriekultur blir, og korleis livsformene i kulturen endrar seg over tid. Bakteriar vil formeire seg nærmast uhemma i starten. Dyr som lever av bakteriar, får no gode vekstvilkår, og snart vil du kunne sjå ulike flimmerdyr svirre rundt i preparata dine. Tøffeldyr frå slekta Paramecium pleier å vere spesielt talrike, og du kan normalt studere korleis desse deler seg. Av og til kan du òg finne amøbar. Ørsmå flagellatar pleier òg å vere talrike, og er du heldig, kan du observere den spesielle augealgen (Euglena sp.).

Hjuldyr og små flimmerdyr et bakteriar. Eit tøffeldyr kjem symjande, og viss du følgjer nøye med, kan du sjå ein augealge.

Etter kvart vil høgareståande dyr dukke opp, som flatmark, leddmark og hjuldyr. Ta ein kikk på filmane og bileta som følgjer denne sida, for å få eit inntrykk av det mangfaldige livet i infusoriekulturar.

Rapport frå forsøket

Mikroorganismer med cilier. Foto.
Tøffeldyr

Rapporten frå dette forsøket må basere seg på loggen du skreiv då du observerte kulturane. Du må òg beskrive korleis du starta kulturane, og korleis kulturane utvikla seg. Her er det viktig å drøfte forskjellar på dei to kulturane og komme inn på årsaker til korleis livet i kulturane endra seg over tid. Du kan bruke tidslinje, tabell eller grafisk framstilling til å vise når dei ulike organismane (artane) dukka opp og forsvann i dei to kulturane.

Beskriv somme av dei mange mikroorganismane du observerte, med tekst og bilete. Kanskje du kan lage eit enkelt næringsnett for kulturane? Vedlagd finn du eit eksempel på ein rapport frå denne øvinga. Bruk kameraet på mobiltelefonen til å dokumentere det du ser i mikroskopet.

Infusoriekultur – Væskebalanse hos tøffeldyr. Tøffeldyr har store næringsvakuolar som er med på å halde ved like væskebalansen til dyret.

Problemstillingar til drøfting

  1. Mikroorganismer. Foto.
    Flimmerdyr fra slekten Dileptus
    Dei to kulturane blir starta svært forskjellig. Kva trur du dette har å seie for utviklinga av livet i høvesvis kultur A og B?
  2. I kultur A vil du sjå at potetbitane først søkk, men etter nokre dagar flyt dei opp for så å søkke til botn igjen etter endå nokre dagar. Kvifor er det slik?
  3. Når kulturane er unge, luktar dei lite, men etter kvart blir lukta kraftig (mange synest det luktar kloakk). Etter ytterlegare nokre dagar eller veker blir lukta svekt igjen. Kva er det som skaper lukt, og kvifor endrar luktintensiteten seg?
  4. Du synest sikkert det er litt underleg at så mange former for mikroliv kan dukke opp i kulturar som berre inneheld nokre få liter vatn. Kvar kjem alle mikroorganismane frå, og kva faktorar kan fremje eller avgrense livet i kulturane? Kvifor dukkar det opp høgareståande organismar, som flatmark og hjuldyr, i kulturane, og kvifor vil desse ofte forsvinne like plutseleg som dei kom?
  5. I alle økosystem, også i kulturane våre, vil det vere flyt av energi. Somme organismar et andre organismar. Kan du klare å lage eit enkelt næringsnett ut frå observasjonane dine frå ein av dei to kulturane der pilane i nettet går frå han som et, til han som blir eten?
  6. Når du ser på bileta som følgjer denne sida, ser du at somme har ein skala som viser størrelse. Korleis kan du rekne ut størrelsen på organismar i kulturane?

Fleire filmar frå ein infusoriekultur

Læringsressursar

Suksesjonar – økosystema i endring

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Om torvmose: Visste du at?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arkeologiske funn i myrar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff