Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Suksesjonar – økosystema i endringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Suksesjon i myr

Eit døme på suksesjon er når torvmosar veks utover eit tjern og forvandlar det til ei myr. Det er ikkje mange landplantar som kan vekse på så fuktige stader, fordi planterøter treng luft. Torvmosane manglar røter, og trekkjer inn vatn og næringsstoff gjennom heile overflata.

Torvmose

Torvmosar held på mykje vatn

Celletypar i blad av torvmose. Foto.
Celler i torvmoseblad

Torvmyrar finst oftast i lågare delar av terrenget. Men der det er meir nedbør enn fordamping, kan myra til og med dekkje høgder i terrenget. Dette blir kalla terrengdekkjande myr og er vanleg i Trøndelag. Torvmyrar er betydelege vassregulatorar som døyver flaum og tørke i naturen. Torvmosane kan bere omtrent 20 gonger si eiga vekt i vatn. Dette er på grunn av dei spesielle hyalincellene som finst i blada hos torvmosar. Hyalincellene manglar cellemasse, og heile volumet kan fyllast med vatn. Hyalincellene ligg mellom dei klorofyllhaldige cellene i blada. Dei held på evna si til å ta opp vatn sjølv om dei døyr.

Bakteriedrepande

Gulrot lagra i torvmose. Foto.
Gulrot lagra i torvmose

Torvmosane produserer eit bakteriedrepande stoff, sphagnan, som hemmar rotning. Nedbrytarar, for eksempel bakteriar, trivst òg dårleg på grunn av lite oksygen (mykje vatn), låg temperatur og surt miljø i myra. Dette er grunnen til at plantane ikkje blir brotne ned til jord, men i staden langsamt byggjer eit stadig tjukkare lag med torv.

Det er avdekt rike arkeologiske funn i myr, til og med godt bevarte lik, som er fleire tusen år gamle. Det meste er funne under torvuttak til brensel. Sidan torvmosane veks så tett, døyr den nedre delen av plantane av lysmangel etter kvart som dei veks i toppen.[1]

Tjern gror att

Myrpytt. Foto
Myrpytt

Når det daude plantematerialet ikkje blir brote ned, blir torvlaget stadig tjukkare. På denne måten vil torvmose som veks utover i eit lite tjern, etter kvart fylle heile tjerne til botnen, og ei myr blir danna. I løpet av suksesjonen, som gjerne tek fleire tusen år, vil plante- og dyresamfunn avløyse kvarandre etter kvart som miljøet på staden endrar seg.

Grøfting og klimaendring

Raud torvmosetopp. Foto.
Raud torvmosetopp

Om myra blir grøfta, eller om klimaet blir varmare, vil ho tørke og miste evna si til å halde på vatn. Når det kjem luft til, vil torva brytast langsamt ned og frigjere store mengder karbondioksid og metan. Dersom dette blir ein tendens i stort omfang, kan det få ein sjølvforsterkande effekt på klimaendringane.[2] Klimaendringar kan endre miljøet slik at livsvilkåra for fleire artar blir endra. Det kan utløyse ein suksesjon på same måten som fysiske inngrep gjer det.

Finn ut meir:

  • Ulike artar torvmosar er ofte dominerande plantar på myr. Finn minst 5 andre artar som òg kan vere vanlege på ei myr.
  • Ei myr kan vere i ulike suksesjonsstadium alt etter kvar på myra ein er. Kva del av myra meiner du har komme lengst i suksesjonen?
  • Når ein skal studere plantesamfunn, gjer ein ruteanalysar eller linjeanalysar. Ruteanalyse passar for å studere plantelivet i eit homogent plantesamfunn. Linjeanalyse passar det å bruke når ein vil vise endringar i plantesamfunnet i eit område. Kva metode ville du bruke for å studere suksesjonen på myra?
  • Kva er sphagnan?
  • Torvmosen bevarer alt som kjem ned i myra. Nemn døme på kva ein har funne bevart i myr.
  • Nemn grunnar til at ein bør bevare myrlandskap.
  1. 1«Med myra som kjøleskap». Aud Arnkværn. 2003.
  2. 2«Torvmose - ei tikkande klimabombe». Tore Oksholen. 2006.

Læringsressursar

Suksesjonar – økosystema i endring

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Om torvmose: Visste du at?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arkeologiske funn i myrar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff